29 desember 2007

"Enten med henjen eller med sprenjen"

I Ryfylke er der mange gode utrykk, det meiner i alle fall Helga, og dette er eit av dei. Ja, enten så er du i den eine grøfta eller så i den andre.
Det kan brukast på så mange ting, men akkurat nå syntes me det var passande på besøk hjå oss 3 og 4 juledag.

3 juledag var det val her, og du så stilt. Ikkje eit menneske på besøk, me var på eit lite besøk om kvelden, men elles heilt stilt. Ja, det var herleg der og då og me naut det i fulle drag, men kanskje er det godt at det er 5 år mellom kvar val dag. Så når der ikkje var nokon innom på torsdag, så tok me det att på fredag. …. Ei vennegruppe frå Voi, 15 stk, så 3 frå byen, 2 frå der…. Ja, det blei ganske fullt og livleg. Lappane og kakene blei det avsetnad på.
Det er nok dei beste dagane dette. Sjølv om ein stille dag var godt, så er det nok desse dagane med masse ”nettverksarbeid”, småsamtalar osv, som er dei rikaste og beste!

27 desember 2007

Valgdag.

I dag er det valg her i Kenya. Det er spennande og me ber om at alt må gå fredelegt for seg. Ja, ikkje berre i dag, men også dei neste dagane når opptellinga og resultatet skal fram. Spennande.
Me held oss heime i fred og ro i dag. Eigentleg godt å kunna "skylda" på valget og så få ein skikkelege fredeleg romjulsdag heime. Dagen blir nytta til skriving, lesing, litt "opprydding" og avslapping!! Skal rett over "gata" til nokre venner på kvelds.
Rett og slett ein rolig valgdag for oss.

Julafta!

Julafta blei ein flott dag for oss to.
Det begynte med ein telefon før kl 6,30. Arnfinn hadde undervisning til ca kl 11, og elles var der mange forskjellege innom. Me var vel 12 stk som satt ved langbordet og åt graut. Graut er ikkje det me har mest av gjennom året, men det høyrer liksom med på julafta. Spesielt kjekt var det å ha familien Madland frå Tau innom.
Mange ting skulle ordnast; rapporter skulle skrivast, brudekjole som hadde blitt oppbevart her skulle tilbake til eigaren, møter avtalast og så småpratar innimellom. ……

Om ettermiddagen var det berre oss to att heime. Litt rydding, oppvask og så kom pinnekjøtt lukta! Me koste oss med maten, leste juleevangeliet og opna dei 5 julepakkane. Fullmånen lyste for oss, og det var flott å kunna laga til ”soverommet” vårt, (som vanleg nå på denne tida) ute på verandaen. Flott!
Tenk så har me fått feira vår 13 jul her på Kysten.

Ein kjem liksom nærmare ”originalen” her, palmer, varmt og masse stjerner som lyser. Tenk det som skjedde julenatt var; ”ei gleda for alt folket”.

26 desember 2007

Bryllaup.

Våre gode vener gifta seg sist lordag. Det var utruleg kjekt, flott å sjå på dei og vera med på gleda.
Men kanskje det største for oss var å sjå korleis folka i menigheten ”sprang” rundt og stilte opp. Brudeparet hadde ikkje så mange av familien rundt seg, men folk stilte opp og gjorde ein fantastisk jobb.
Trur ikkje me har sett hallen så fint pynta før, ikkje så mange gåver, nok pilau, (festretten), ja, masse folk var der også. Det var eit godt ”håntrykk” til dei nygifte som nå har vore ei veka på bryllaupsreis.
Me ber om alt godt for ekteskapet og tenesta deira!

18 desember 2007

Det nye testamentet på Digo språket.


Det var ein milepel då det nye testamentet blei lansert på Digo språket! Det var stor fest i ein park, song, mange talar og stor takknemlig het og glede.
Dette prosjektet har pågått frå 1987, og fleire frå denne tida var samla.

To av dei som våre kollegarar fekk undervisa på vidaregåande på slutten av 70 talet har vært med på oversettelse arbeidet i forskjellege ledd.
Eit av høgdepunkta for oss var når ein av desse, vår gode venn, Jerumani, tala på Digo språket. Teksten var om når den lamme mannen blei båret til Jesus. Mange av oss er nærme Jesus for der er det så godt å vera. Men sitter du så nære at dei som verkeleg trenger å få møta Jesus ikkje kjem til….. er du eit stengsel for andre? Eller er du ein som sjølv er nær Jesus og som gjer at andre også får eit møte med han?
Sterkt å høyra ei utfordrande preik der alt gjekk på Digo, og misjonsutfordringa blei lagt innover ”dei sjølve” av ein av sine eigne.

Det å ha noko av Bibelen på sitt eige språk gir dei ca 600 kristne ein identitet. Utforminga av nytestamentet er flott og gjer det slik at den er tiltrekkande. Me håper at det kan føra til at mange blir nysgjerrige på kva dette er for ei bok og vil lesa den.
Takk for at den nå er komen.

17 desember 2007

Barneklubben på besøk hjå oss.


25 barn og unge frå 3 år og oppover på besøk på vår buplass, og på ”tokt” og leik i hagen,… Ja, då er det livleg. Utruleg kjekt.
Forskjellege lag leikar, sporleikar, volleyball med ballonger og dynetrekk!!
Noko å bite i, både surt og søtt, jule historia og så mange gode smil, latter, musikk, hyl og glede.

Etter på har ein knytta endå sterkare vennskapsband, ein er tummel i hovudet, litt trøytt og veldig glad og oppmuntra!

10 desember 2007

Bevart på vegane.


Me har hatt ein tur til Nairobi på litt møter nå før jul. Vel heima att her på Kysten, varmt og godt.
Enten det er kjøring langt eller kort, eigen bil eller matatu, så er ein glad når ein kjem vel fram.