22 januar 2008

Ei tann mindre!!

Såååå, ja, så gikk heile tanna hjå Arnfinn, og det vil seia at der er ei tann mindre igjen!
NB! Det er langt bak, så "alderdomstegnet" syner ikkje så godt.

21 januar 2008

Tid for smell?!

I desse tider kan ein reagera forskjelleg når ein høyrer sterke smell, ein lyttar og kan stilla spørsmålet; kva var det? Var det skot eller noko anna?
Litt merkeleg samantreff at nettopp denne lastebåten skulle koma og leggja til kai her ved sement - tankane rett ved ferja. Eitt eller anna blir ”skutt” inn i røyra som leder sement frå fabrikken og ned i båten, og det med nokre minutters mellomrom (litt oftare på dagen, lengre intervall om natta), og det formeleg ”eksploderer” i heile kanalen. Ikkje rart at me første natta (var vakne pga nokre regndråpar som kom ned til oss på verandaen), verkeleg lurte på om vakta hadde det bra. Me skjønte at det ikkje var på tomta, men det høyres ut som skikkeleg skot/eksplosjon.

Nå etter tre dagar har me blitt litt vane med det, men syntes den båten verkeleg hadde valt tidspunkt for å koma inn hit.
I løpet av dei 2,5 åra me har budd på denne plassen har me ikkje høyrdt ein lastebåt med slike smell.
Litt av ei tid å koma på!

20 januar 2008

Den tøffe vegen til avgangseksamen.

Minste jenta til våre gode Digo-venner har hatt tøffe tak på skulen. Namnet hennar Shukra, betyr ”Takk”.
Ho har i ein del år gått på ein privat skule, men valgte å gå sista året på den offentlege skulen like ved heimen. Her er det mellom 80-100 elevar på det trinnet, og det seier seg sjølv at det ikkje er berre lett å få god undervisning og gode karakterar. Men ”takk” har stått på og er ein ”flink” elev.

I mest heile skuletida har ho hatt gode resultat og vært i blant dei beste i klassa, slik var det også dette sista året.

Eksamen nærma seg og det blei meir og meir hektisk.
Ein dag tok ein av lærarane avgangselevane med seg ned til sjøen og skulle fortelja dei ein hemmelig het; dersom kvar elev gav han ca 5 kr (Ksh 50), så skulle han gi ein ”lekkasje” og koma med eksamens papir som dei kunne øva seg på.
”Takk” og seks andre kristne jenter, sa rett ut nei til læraren og gav begrunnelsen klart og direkte til han; det kan eg ikkje som ein kristen, det er ikkje rett.
Læraren tok først ikkje eit nei for eit nei, men etter fleire dagars masing så måtte han gi opp.

Så var det å ”ta dei” på andre måtar.
Desse som trudde dei hadde fått god hjelp til å klara eksamen var ikkje så interesserte i undervisning lenger, så dei laga berre bråk. Desse 7 andre som ville lesa, fekk bruka eit anna klasserom og repiterte fag for fag i saman desse 7, utan lærar.
Dette blei ikkje godt likt av dei andre, og for å gjera ei lang historie litt kortare, så gjekk desse til dei eldste i landsbyen og trolldommen kom for alvor inn i bilde.
Forskjellege ting blei lagt på og ved pulten til ”Takk”. Dette skulle gjera at ho ikkje skulle klara eksamen.
”Takk” og foreldrene la dette også fram for Jesus, og ho var ikkje redd og stod på.

Eksamensdagane kom, mor og far fasta og bad heime og jenta gjekk og hadde eksamen. Mange rundt henne venta berre på at ho skulle gi opp. ”Takk” fullførte alle sine eksamensdagar, og nå er resultatet der: BEST PÅ SKULEN!! Det vil også seia at ho fekk så pass mange poeng at det er håp om at ho får innkalling til gode nasjonale skular.
Nok eit bevis på at det er trygt å ha den sterkaste på si sida!

17 januar 2008

Ei tann.....tenner.....

Tenner og tannleger og slikt har si eiga historie hjå oss!!
Etter ein del år i Kenya så har cola gjort sitt.

Dei første åra me budde her så var det ikkje så vanleg å kunna kjøpa reint vann rundt om kring overalt slik som det er nå. Vann er noko av det som ein blir oftast sjuk av, og dermed var me forsiktige med det.
Ofte fekk me kystens cola = drikke kokkusnøtt, det er herleg og heilt reint. Men mange plasser fekk me cola, og husk den finnes på dei mest utenkelege stadene. Dit har den kome enten på sykkel, på esel, på kamel, på lastebil…….. Cola er godt, og den gjer også godt for magen, det er i alle fall vår teori. Me meiner og trur at den kurerer mykje av magetrøbbelet…., men noko må me jo ofra då; og då blir det tennene! Det har me fått svi for oppover med dyre tannlege rekningar, ufrivillege tannlege besøk.

Grunnen til at me kom på dette temaet nå, er at Arnfinn mista ein del bitar av ei tann like før jul. I går når han åt lamme-gryte, ja, då gjekk der ein stor bit til av tanna, den gjekk i ma……..
Så nå er det ein liten kamp på gang;…. Når må han gå til tannlegen ………

Elles så har me det godt. Har haldt oss meir inne att nå dei to siste dagane når det har vært varsla demonstrasjonar over heila landet.

13 januar 2008

Kva ville du valt?

To forskjellege ”preiker” med to vidt forskjelleg budskap:

Sist søndag var presten sitt budskap sterkt og klart om tilgjeving, forsoning og han rørte ved kjernen av stammeproblemene. Han var rett på sak og sa at me kristne må vera i fronten om å bryta ned desse store skiljelinjene. Det var eit fredsbudskap, der Jesus stod i sentrum.

Fredagen, etter bønnetid i byen talte ledaren der. Budskapet hans var hat og oppfordring til å leggja ned arbeidet, laga større skillelinjer mellom folk og stå på krava.
Oppfordringen til hat var stor og det var hovedbudskapet.

Ein god venn av oss som høyrde desse to talane kom med denne kommentaren: Ein skulle hatt desse to talane nedskrivne, hat på den eine sida og forsoning på den andre, og så kunne ein stilt spørsmålet til folk; kva vil du velja av dette?

12 januar 2008

Eit avbrekk.

Me har hatt oss eit godt avbrekk, reiste på eit hotell frå i går til i dag. Turen tek berre 20 min, og det var ikkje noko problem å køyra dit. Kanskje det gjorde godt på bilen også at den fekk seg ein tur, den har stått i ro midt i hagen sidan 1 juledag.
Det var herlig å skifta miljø, svømma, få litt sol på kroppen, gå til ferdig dekka bord, og få kvila både kropp og hjerne litt. Flott pynta var der, sjå på vann melonane, veldig greitt å feira litt då,,,,
Heldige me, ja, me har det godt!
Fortsatt er mykje uavklart i landet, men me ber om ro og fred.

10 januar 2008

Takk!

Det gjer utruleg godt, ein skikkeleg oppmuntring å få så mange mailar, blogginnlegg, sms-er og telefonar, og elles helsingar via… Ja, mange TAKK.
Vanskeleg å få gitt skikkeleg uttrykk for kva me meiner, men ordet blir nok ein gong TAKK.

Me begynner nå litt med våre ”vanlige” gjeremål, planlegging, undervisning osv, og det er godt. Var i byen i dag og der mykje folk og aktivitet, livet går greitt. Det er som vanleg om ein berre ser, det er når ein høyrer kva folk snakkar om at ein forstår kva som har skjedd.
Håpar at neste veka blir full av ”vanlege” ting, sjølv om me tek visse forhåndsreglar som å vera tidleg heime etc.

08 januar 2008

Ein del av kvardagen nå for tida.

Det er fortsatt veldig spennande kva som vil skje i landet. Mange forhandlingar føregår nok og det les me om på internett, høyrer på radio, eller får nyheiter via sms.
Sjølv om spenninga i folket er stor, så har livet blitt meir normalt. Mykje folk ute om dagane, (folk passar på å vera heime før det er mørkt), nokre kjem tilbake frå reiser, og mange er nå opptekne av å få barna inn på skule att. Eit nytt skuleår skal begynna nå i januar, og med at ein del skular er øydelagde så er det mykje usikkert for mange.
Me har ein del venner innom, snakkar med dei på telefon og det er interessant å høyra.

Den siste halvanna veka har mykje av tida blitt brukt på å halda seg oppdatert. Arnfinn har hatt mange timar ved radioen, internettet og også mobilen. Helga har stort sett hatt skriving av sms. Me er glade for at straum, mobilnettet og internett har vore veldig stabil og me har kunne hatt god kontakt med leiaren vår i hovudstaden og familie og venner i Noreg.
Me føler at me har meir konsentrasjon nå og kan få unna litt ”vanlige” gjeremål, og det er godt, så me kan vera opptekne av litt andre ting også. Men nyheiter må ein alltid få med.

Elles så har me tre hatt mykje middag saman, og sidan me ikkje har kunna gått så mykje på lokalerestaurantar så har Helga laga meir middag på denne veka enn på lange tider! Kanskje det gjer litt godt også……
Me har spelt spill i saman og favoritten har nok blitt tallspillet ”Take it easy”. Ja, det kan seia så mangt.
Føler oss trygge her og har det godt. Våre nasjonale venner rundt oss har det etter forholda greitt.

04 januar 2008

Ein liten luftetur.

I dag var me tre norske som er her på Likoni ute på ein liten luftetur. Etter omtrent ei veka inne på tomta, ja, så var det veldig godt å gå litt, det gjer godt både for kropp og ikkje minst for sjela.
Det var eit trist syn, bodar og butikkar som er knuste og plyndra. Sjølv om dei nå har begynt å rydda opp, så ligg der fortsatt ein god del rundt omkring.
Men kanskje det som gjorde mest inntrykk var frykta som ein merka i folket, tross at det ”ytre” livet ganske fort er ”oppe og går”. I bustadstrøket rett bak oss så var der unormalt stille og lite folk, liksom litt mystisk.
Det gjer tross alt godt å sjå det litt med eigne augo det som skjer rett rundt ein. Me held oss mest inne og har det godt.
Erfaring frå hytter i Ryfylke der ein må oppbevara ein del tørrmat og hermetikk i tilfelle……, ja, det kjem godt med her. Lageret vårt er mest ikkje begynt å skrumpa eingong. Nå får ein tak i ein god del varer, men veldig dyrt, og det er den vanlige mann som lir.
Mange av våre nasjonale venner lever i frykt, men så langt me veit så er dei i sikkerheit.

02 januar 2008

Alt vel med oss.

Me to har det bra.
Me er heime på Likoni og held oss helst inne, me har nok mat og føler oss trygge her me er. Men det er mykje øydelagt rundt oss og eit trist syn.
Me ber for fred blant folket og for landet.