04 januar 2009

Godt Nyttår 2009

Ja, nå kan det sjå ut som det er nyttårsforsetter på gang her.... oppdatera bloggen vår....
Men nå når me har hatt fri-dager så var dette eit av måla.

Me har det bra, jobber og trives godt i Norge. Me trives godt i Misjonssalen og ellers på Sandnes.

Akkurat kulden, og det å få influensa osv, det er noko som folk i Norge er vane med, men ikkje me.... men, nå friskner me til, og noko må jo me også regna med.

Nyttår blei feira med venner, barndomskamerat til Arnfinn. Cola er på menyen i Norge også!

Det er kjekt å få vera meir i saman med familie og venner her i Norge også. Arnfinn har ikkje gløymt gamle kunster med lego-bygging og det er kjekt saman med onkel-unge.

Litt av det som møtte oss i Norge

Mor og far til Helga hadde gullbryllaup 24 mai. Dette blei feira i juli på hytta på heia i Erfjord. Kjempe flott. Nokre tok seg opp med helikopter.

Me var 18 stk samla, store og små.

Me hadde god mat, og koste oss masse saman. Nokre var der eitt døgn, nokre i fleire veker. Ein fin måte å feira på, og ein flott måte for oss å "møta" Norge på.

Litt av det me sa farvell til i Kenya

Når me reiste frå Kenya i juli 2008 så var her nokre av dei som me sa spesielt "ha det" til.
Lille Helga saman med mora og storesøster.

Her er dei fleste av medarbeidarane våre på Kysten. Her markerer med 30 år for "vårt" arbeid på Kysten.

Palmestrand og palmesus!
Det hadde nok vært varmare der nå enn minus-grader her på Sandnes.