04 januar 2009

Godt Nyttår 2009

Ja, nå kan det sjå ut som det er nyttårsforsetter på gang her.... oppdatera bloggen vår....
Men nå når me har hatt fri-dager så var dette eit av måla.

Me har det bra, jobber og trives godt i Norge. Me trives godt i Misjonssalen og ellers på Sandnes.

Akkurat kulden, og det å få influensa osv, det er noko som folk i Norge er vane med, men ikkje me.... men, nå friskner me til, og noko må jo me også regna med.

Nyttår blei feira med venner, barndomskamerat til Arnfinn. Cola er på menyen i Norge også!

Det er kjekt å få vera meir i saman med familie og venner her i Norge også. Arnfinn har ikkje gløymt gamle kunster med lego-bygging og det er kjekt saman med onkel-unge.

Litt av det som møtte oss i Norge

Mor og far til Helga hadde gullbryllaup 24 mai. Dette blei feira i juli på hytta på heia i Erfjord. Kjempe flott. Nokre tok seg opp med helikopter.

Me var 18 stk samla, store og små.

Me hadde god mat, og koste oss masse saman. Nokre var der eitt døgn, nokre i fleire veker. Ein fin måte å feira på, og ein flott måte for oss å "møta" Norge på.

Litt av det me sa farvell til i Kenya

Når me reiste frå Kenya i juli 2008 så var her nokre av dei som me sa spesielt "ha det" til.
Lille Helga saman med mora og storesøster.

Her er dei fleste av medarbeidarane våre på Kysten. Her markerer med 30 år for "vårt" arbeid på Kysten.

Palmestrand og palmesus!
Det hadde nok vært varmare der nå enn minus-grader her på Sandnes.

18 juli 2008

I Norge

Me landa i Norge 7 juli, litt hjå familien, og så 10 juli flytta me inn i Sandnes!!
Nå er det ferie med familie, heia turer og litt anna som må ordnes. Koser oss masse i leiligheta her som me også leigde sist me var i Norge.
Skriver nå på eit lynkjapt internett...... iallefall i forhold til det me er vane med....

03 juli 2008

To netter att i Kenya for denne gong.

Nå har me hatt ein fin avslutning på Kysten. Alltid trist å seia hadet, men det blei mange gode og minnerike stunder også. Så har me hatt ei flott veka med ferie her i Kenya. Me har vært i regnskogen og gått i jungelen, og vært å sett på masse dyr og flott natur i Masai Mara. Begynnelesen på det store dyretrekket fekk me også med oss.

I kveld er me i Nairobi, så i morgon midt på dagen tek med fly til Mombasa, møter ein del folk der, overnatter i byen, og så går flyet frå Mombasa til Frankfurt lordags morgon.
Me får prøva å leggja inn ein del flotte bilde seinare. Takk for følget så langt!

01 juni 2008

Storbagasjen.

Me har ein "tradisjon" her i Kenya at me i frå Norge ikkje reiser "tomhendte" heim. Det gjelder jo oss også.... så me er i Nairobi og ordner med storbagasjen som sendes i container.

Tønnene tømmes, lufting av alt for at fuktigheta frå Kysten skal forsvinna så mykje som mulig. Pakkar så tinga ned att, gjer pakkelistene klare og marker storbagasjen.
Det er ein god følelse når det er gjort!

Me har forskjellege gjøremål her i hovedstaden fram til midten av neste veka. Så reiser me heim til Kysten og blir der til 23 juni. Etter litt ferie her i Kenya så er planen at me lander på Sola 7 juli.

30 mai 2008

Pwani Art Club

Her er noko av produksjonen til dei to ivrigaste medlemmene i Pwani (Kyst) Art Club. Abdallah og Kea er her ved Galu Beach Estate, der klubben har hatt utsmykkings oppdrag av eit utleige hus og hotell.

Her er nokre av Abdallahs bilder:
"Tre i Tsavo"

I opplæringen maler studentane av og til etter andre kunstnarar. Dette er ein kopi av eit bilde av Simon Combes

"Ein Masai."

"Menn på Lamu."


Kea har malt dette bilde; "Neshorn."

Her er to av kunstmalarane i saman med Øyvind Humdrum.

Desse maleria, og mange fleire, henger på Øyvind Humdrums hotell på Diani, Mombasa.