19 september 2007

Like heil!

Ja, nå er Arnfinn vel heime att, like heil. Helga har sjekka, og det ser bra ut.

Me koser oss saman og takker Gud for all beskyttelse endå ein gong.

Etter planen er Arnfinn på farten til andre møter i Nairobi allereide førstkomande søndag. Me nyter tida saman heime nå.
Masse spennande som skjer.

18 september 2007

Arnfinn på veg heim!

Nå er Arnfinn og Gideon på veg heim. Dei kjører frå Nairobi og eg venter han heim i kveld!!!!!!!

Den skadde bilen og alt med den er nå på veg til forsikringsselskapene og me håper at det går greit. Det har vore ein god tone med lastebil folka og det har gått bra, det tek berre tid og krefter.
Takk

Gode "bilete"

Mange ting kan bli forklart med gode bilete. Bilda seier ikkje alt om ein ting, og ein skal heller ikkje tolka kvar minste detalj i dei, men det kan opna auga våre att.
Me fekk ei slik att her ein dag når ein god venn av oss fortalde om korleis han vitna vidare til andre.

Dommaren som står i rettsalen og dømmer, må følgja lova og den er streng. Den skyldige er veldig skyldig. Det er berre det at den skyldige er sonen til dommaren, men likevel lova må følgjast, ingen korrupsjon eller snarveg kan brukast. Sonen får sin dom. Etter at dommaren har gjort jobben sin, tek han sonen sin plass og betaler alt, oppfyller det sonen skulle og som han ikkje kunne klara, og sonen er fri. Dommaren kunne ikkje ”berre tilgje”, nei heile lova måtte oppfyllast.
Ja, dette bilde er jo kjent for mange av oss, men likevel, godt å høyra det frå vår venn.

Men me har aldri høyrt nokon forklara at Jesus blei skyldig i vår stad, slik som han gjorde det: Når du har ei veldig skitten bukse, ”drav-skitten”, ja då vaskar du den i reint vann! Buksa blir rein og vannet blir skitten, heilt skittent. Ja, slik var det med oss også, me er så skitne, må vaskast, Jesus gjorde det og han blei skitten for vår skyld. Så oppfylte han alle ting som måtte fullførast for å bli rein.

Ta dette med på vegen, tenk over det.

16 september 2007

Englane har det travelt.


Arnfinn, Gideon frå Voi, og ein frå Nairobi, kjørte fredag frå Nairobi og skulle til Marsabit på forskjellege møter. Dei starta gry tidleg og var komen langt, midt uti ”bushen” der det er litt utrygt, forbi siste by og også siste politipost. Mykje buskas på begge sider av vegen gjorde det uoversiktleg, og der midt i ein sving kjem ein stor lastebil på feil side, midt i mot! Det såg ut som det skulle bli front mot front kollisjon, men eit Guds under gjorde at det blei avverja. Svinging hit og dit, til slutt trefte landcruiseren som Arnfinn kjørte bakre delen på lastebilen. Ingen blei skada!!
Det går ikkje bussar eller slikt på den vegen, berre lastebilar, så det var å stå bakpå ein annan lastebil dei vel 3 mila ned til politiposten. Der fekk dei politi med til å måla opp og gjera dei nødvendige undersøkingane. Tenk at dei kunne kjøra bilen sakte, sakte tilbake til politiposten og kunne overnatte der, me var glade og letta når dei var komne seg dit.
Så var det berre at lastebilen som dei kolliderte med frakta geiter til ein verdi på ca kr 30,000, og om ikkje geitene blei lassa av i tide kom dei til å døy. Etter ein del samtalar så blei det til at geitene kunne starta sin tur til Nairobi same natta og Arnfinn og co starta på tilbaketuren laurdags morgon. Marsabit tur får det bli ein annan gong.
Dei kom vel fram til Nairobi i går kveld og har slappa av der i dag. I morgon er det spennande når dei skal ta bilen på verkstad og oppgjer etc. Håpar at det også går greit.
Midt i all denne spenninga så får dei nye kontaktar og har opplevd mykje, Gud vender det vonde til det gode.
Me er utruleg glade for at alle er like heile, takk til Gud for beskyttelse og for at han gav dei ro midt i kaoset.

08 september 2007

Mer info....?

Har du lyst å ha litt meir info frå oss, så kan du prøva å nå oss på msn. Me er på ganske ofte, iallefall når der er straum og nettverket fungerer. Prøv iallefall.
Adressa vår er: niffine@hotmail.com

Lokalt jordbruksprosjekt

To av våre nasjonale venner har gått saman om eit lite bygde utviklings prosjekt.
På ein åkerlapp som på ein måte er kommunal og høyrer til innbyggarane på plassen, har dei gått i gang med å dyrka og få fram forskjellege grønsaker. Dei har danna ei ungdomsgruppe og fått tildelt sin åkerlapp, som ikkje var i bruk, på denne var der også to vasskjelder.

Her har dei lagd gjerde av busker og pinnar, slik at både dyr og mennske ikkje kan koma inn utan lov. Planlagde deler med forskjellege typar ”grøne blader” og tomatar står friskt og fint og nå kan dei selja og få inntekt på dette. Ein har tidlegare gått på kurs og følgjer eit godt opplegg. På grunn av god tilgang til vann, kan dei få avlingar også i tørketida.

Til saman er dei ca 6 ungdommar, to trur på Jesus, og dei jobbar saman seint og tidleg. Fantastisk at desse som før ikkje hadde så mykje å ta seg til, nå er blitt aktive og verkeleg jobbar med hendene. Håpar at dei blir rikt velsigna!

Før dei begynte med åkerlappen var dei fleste av desse ungdomane begynt i malegrupper og nokre malar endå aktivt. Kjekt å sjå koss det blir brukt, og at folk har tiltakslyst.

Mungu awabariki sana = Gud velsigne dei rikt!

06 september 2007

Kom la oss lese arabisk.


Det er litt rart for oss å kunna skriva nokre veldig enkle setningar og faktisk kan læraren forstå kva me skriver (trur me i alle fall!) på arabisk!
Vårt mål er å læra oss litt, slik at me kan dei vanlege helsingane som er brukt rundt om i mange land, pluss å kunna lesa. Men det å forstå, oversetja det ein les, ja det er noko anna, men me prøver så godt me kan. Det er veldig kjekt, og det hadde eg ikkje trudd at det skulle vera.
Me har hatt nokre delprøvar og har nå i alle fall bestått, ikkje verst det. Det gir mot og inspirasjon til å lesa meir.