21 januar 2007

Sand mellom og under tærne!



 Nå for tida er Arnfinn som regel på Wema på torsdagane. Det er malegruppe og så treffer han mange venner og kjente. Denne torsdagen var det ikkje nokre nybegynnarar så han trong ikkje så mykje utstyr. På slike dagar tek han ofte matatu, lokal buss, til krysset der ein tek av hovudvegen opp til Wema. Det er ikkje så ofte der kjem bilar på den vegen nå for tida, så då blir som oftast beina brukt dei 7,5km opp til Wema.    

Grusvegen går gjennom mange små landsbyar, mange palme trær heile vegen, store mango trær og elles alle lydane som høyrer med. Her møter ein tidligare naboar og får slå av ein prat med gamle venner og også knytte kontaktar med nye. Utruleg møtepunkt!

Her traska Arnfinn på sine plastikk sko…….. i laus sand, mykje sand. Det var bokstavleg tala sand under og mellom tærne! 

Nokre timar rundt Wema, malegruppe undervisning, spørsmål og svar og mange samtalar.

Så var det tilbaketuren. Planen var nå å ta matatu, den går som regel ein annan veg, slik at det på ein måte blei ein rundtur. Ein kan då ikkje berre sitja å venta på bilen, så då traska og gjekk han bortover i landsbyen.
Mange kjende, handtrykk, helsingar og småprat.
Ja, han gjekk og han gjekk…… over 4 km til på sine plastikk sko og med sand mellom og under tærne. Matatuen kom, og Arnfinn kom seg først til Ukunda der han fekk seg sin etterlengta pilau, (ris og kjøtt, Arnfinns sin livrett!!!), og så heim til Likoni.
Endå ein flott dag som var til ende, mange kontaktar, små drypp og …. ei stor blemme under foten!  

Då gjer det ekstra godt med litt cola og norsk sjokolade.

        


4 kommentarer:

miriam sa...

Her har det virkelig skjedd oppdtaring siden jeg var innom bloggen sist:) Så flott det så ut med ferie, men det siste innlegget om sand i sandalen.. stakkars Arnfinn! Det så ikke mye godt ut. Håper du steller ekstra godt med han nå, Helga:)

Jeg er for tiden i Sör-Sverige hvor jeg studerer litt. Ganske spennende må jeg si. Alt vel altså:) Det skulle bare värt 29 grader varmere her...

Klem fra Miriam

Anonym sa...

Eg savner å sitte med beina på det bordet hos dere. Men pole Arnfinn. Du og de beina..

Anonym sa...

En flott beskrivelse av misjonærhverdagen

Anonym sa...

Arnfinn lar seg ikke stoppe lett!