12 mai 2007

Familiebesøk.

Me har nå hatt koseleg besøk av Arnfinns foreldre. Godt å ha god tid saman og få oppleva både kvardagar og festdagar i saman.

Nokre dagar i park blei det i begynninga, med mykje dyr, og så over 3 veker heime på Kysten. Dei fekk ikkje velja så mykje sjølv, men var med på det som var inne i vårt program. Det blei mange forskjellege rettar å smaka på i diverse forskjellege spisestader. Men me rekna saman at det vart pilau, (Kystens festrett og Arnfinns livrett) minst 10 gonger. Då syntes nokre at det var godt og også få litt Kinamat! Godt å ha nokre dagar innimellom der inntrykka fekk søkkja inn.

Flotte veker, utruleg spreke, klarte varmen godt, og me sit at med mange gode minner! Takk!

Ingen kommentarer: