22 august 2007

....ein......tur!

Eg, Helga, skulle ein tur til Msambweni i går. I denne perioden har eg fått lov til å ”vera assistent” til kasseraren når han går på skule. Der er veldig kjekt å vera slik ærendspike, gjera det ein får beskjed om, og ikkje kunna bestemma så mykje, men gje råd og hjelpa til. Så var eg ”sendt” ein tur til kontoret og ”starta ut” om morgonen som vanleg.
Me tek ein del matatu, lokal buss, det er blir billegare og så kjem ein meir ”inn på folk” og får mange kontaktar. Men i går hadde eg ikkje noko val. Porten her me leiger hadde gått seg skeiv etter ein del år, og der hadde vore ein handverkar og skulle ordne den, men han hadde støypt hengslene inne, så då…. Ja, då gjekk den ikkje opp!!! Bilen kunne berre ikkje koma ut. (godt å berre leiga og ikkje ha noko ansvar for vedlikehald!)

Eg traska ned til busshaldplassen, merkeleg, mest ingen bilar og folk, hmm…. Det må bety kontroll av bilane, og dermed full stopp i busstrafikken nokre timar. Stemte. Det var å gå litt lenger opp og venta…. Ja, kva gjer eg nå; går heim att – nei nokre ventar på kontoret, går vidare og prøver å få bil ca 2 km lenger vekke – nei, ikkje endå, regnar for mykje, blir kliss. Så då venta eg ca 1t og litt til, og der kom der jammen ein matatu som sette av folk der og den skulle til Msambweni. Trur folk var redde for at prisane steig masse, så eg var mest den første inn i bilen, det blei større trengsel etter kvart! Den fyltes fort opp og me kom oss avgårde.


Fekk gjort stort sett det eg skulle på Msambweni, bortom nokre venner som hadde laga middag til meg, herleg, og så på tur heim att.
Det små regnar litt her for tida, så utan paraplyen så er det godt å ha eit sjal som ein kan dekkja seg med. Matatuen var ganske så full den første km på tilbaketuren, så det blei ingen sitje plass nei (god lufting!!!!), men det fekk eg etter kvart og kom meg vel heim.

Flott kor mykje ein lærer av ein slik dag; kjem innpå folk og det som skjer, får ein del samtalar og får tid til å tenkja og huska på. Så er ein også ganske trøytt når ein kjem heim om kvelden.
Takk for at eg får slike dagar!

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg forstår at du ikje e skvetten av deg. Bare tanken på å ta ein matato aleina skremme meg. Kjekt når maen e kommen heim. Takk for gode brev



Vesla