19 august 2007

Så kom regnbya

Ja, eg skulle til å ta meg ein kaffi kopp på verandaen. Det er forresten ikkje vanleg for meg når eg er åleine. Eg hadde vore på eit møte i byen, ete bønner og mais, og det gjorde nok at eg var litt ”svenåge” og fann ut at eg måtte ha ein kaffikopp. Arnfinn er på reis til Pokot, så han får ta kaffien der.
Kaffien var god den, og veldig god med smørbukk karamell til!

Så høyrde eg ein kjend lyd, det er mest den same som når toget kjem inn til Sandnes stasjon, men dette var ikkje toget på Jær-banen, men ei kraftig regnbya!
Utruleg å høyra og sjå koss den kjem utanfrå det Indiske hav og innover land. Palmane bøyer seg og er med på å lage denne ”tog-lyden”. Eit fantastisk syn, det lettar på trykket i lufta, og så blir det så friskt og grønt etterpå! Regnet får bløyta opp og gjera godt.
Eg fekk nyta kaffien min frå stova og filosofera litt….

Det er ikkje alltid eg ser og tenkjer over kva regnet gjer og at veksten på ein måte kjem av seg sjølv. Ikkje alltid at eg ser og forstår korleis Gud gjev vekst i sin åker heller.
Men utruleg stort er det å sjå graset spira, og større er det for oss å sjå desse hus-gruppene, (cellegruppene) som veks fram og formeirar seg. Det er Gud som gjev vekst i si tid!

(Det drypper litt inn i huset vårt også!)

1 kommentar:

Anonym sa...

godt å høre fra dere igjen! er ofte innom. håper dere får en god høst.