02 mai 2008

Følelsen av at hovudet går ned i kroppen!

Tradisjonane for korleis me bærer og fraktar ting, dei er forskjellege. Gi oss to ein ryggsekk med gode reimar og som er godt tilpassa ryggen, ja då kan me bera ein del ganske langt.

Her i Kenya så er det forskjelleg frå stamme til stamme. Nokre bærer mest på ryggen, då ofte med eit tau som er festa rundt hovudet, panna. Andre meir som i ein ”sele” på ryggen.
Her på Kysten så bærer dei fleste på hovudet! Alt i frå små flasker til store ved-bører blir frakta på den måten. Ofte har dei også noko i hendene og kanskje ein unge på ryggen attåt.

Helga var på Wema med bil og me skulle nytta det til å få frakta noko makoti, palmeblad matter (tak matter), som kyrkje medlemmene hadde laga og som skulle samlast ved kyrkja der dei skal skifta taket. Me kjørte eit stykke og gjekk vidare til tunet, det var nedover bakke. Her var desse mattene bunta i saman, og det var av den breide, flotte, tunge typen. Alle tok to buntar på hovudet. Eg fekk hjelp til å få dei oppå, og heldigvis var dei så store at dei låg ganske så stødig og det var lett å få tak til å halda dei på plass. Så var det å gå tilbake til bilen, ja, nå var det jo oppoverbakke Me gjekk og eg kjente meir og meir koss nakkemusklane blei trøtte og gav etter, fekk lea litt på desse buntane som nok var over 10 kg. Fekk dei liksom litt ned av hovudet så dei kvilte meir på nakke og ryggen. Dersom ikkje så følte eg meg sikker på at hovudet kom til å siga ned i kroppen, mellom akslene!
Opp kom me alle, nokon hadde meir krefter til å prata og le på turen enn andre, men alle kom opp med sine buntar.
Utruleg å sjå korleis me er trent opp forskjelleg, eg er import i mange år over bærekunsten her, men denne dagen fekk eg føla det meir i praksis!

Ingen kommentarer: