20 mai 2008

Litt smånytt

Denne gongen kom Arnfinn og co seg trygt fram til Marsabit. Reisa begynte heimanfrå torsdag 8 mai. Nå har dei kome seg trygt både att og fram til både Nairobi og Marsabit. Han har også vore på ein del møter i hovudstaden, mykje interessant, og er nå vel heima på Kysten att!

Ein kvardag her består som regel av mange opplevingar, kan ikkje få med detaljer, mykje som skjer! Mange gode venner innom, me innom til mange av våre venner, oppom med kaker til Faraja barneheim, kjøra litt flyttelass for venner, diverse undervisning, litt papirarbeid, litt rekneskap, barneklubb og litt sortering og førebuing til flytting.

Jobb og plass å bu er på plass i Noreg, så nå håper me på å få avslutta denne perioden her ute på ein god måte.

02 mai 2008

Følelsen av at hovudet går ned i kroppen!

Tradisjonane for korleis me bærer og fraktar ting, dei er forskjellege. Gi oss to ein ryggsekk med gode reimar og som er godt tilpassa ryggen, ja då kan me bera ein del ganske langt.

Her i Kenya så er det forskjelleg frå stamme til stamme. Nokre bærer mest på ryggen, då ofte med eit tau som er festa rundt hovudet, panna. Andre meir som i ein ”sele” på ryggen.
Her på Kysten så bærer dei fleste på hovudet! Alt i frå små flasker til store ved-bører blir frakta på den måten. Ofte har dei også noko i hendene og kanskje ein unge på ryggen attåt.

Helga var på Wema med bil og me skulle nytta det til å få frakta noko makoti, palmeblad matter (tak matter), som kyrkje medlemmene hadde laga og som skulle samlast ved kyrkja der dei skal skifta taket. Me kjørte eit stykke og gjekk vidare til tunet, det var nedover bakke. Her var desse mattene bunta i saman, og det var av den breide, flotte, tunge typen. Alle tok to buntar på hovudet. Eg fekk hjelp til å få dei oppå, og heldigvis var dei så store at dei låg ganske så stødig og det var lett å få tak til å halda dei på plass. Så var det å gå tilbake til bilen, ja, nå var det jo oppoverbakke Me gjekk og eg kjente meir og meir koss nakkemusklane blei trøtte og gav etter, fekk lea litt på desse buntane som nok var over 10 kg. Fekk dei liksom litt ned av hovudet så dei kvilte meir på nakke og ryggen. Dersom ikkje så følte eg meg sikker på at hovudet kom til å siga ned i kroppen, mellom akslene!
Opp kom me alle, nokon hadde meir krefter til å prata og le på turen enn andre, men alle kom opp med sine buntar.
Utruleg å sjå korleis me er trent opp forskjelleg, eg er import i mange år over bærekunsten her, men denne dagen fekk eg føla det meir i praksis!

27 april 2008

Motorsykkel-taxi

Kom nettopp heim frå Wema. Har vore der på møte i dag og oppe på barneheimen etterpå. Bilen vår var hjå nokre andre i dag, så me tok matatu til Ukunda og motorsykkel derifrå dei vel 8 km til Wema. Arnfinn har gjordt dette før, men nytt for Helga.
Du så heldige me er, får vera med på så mykje. Sitja der bakpå, mellom husene, over vannrøyr, mellom buskene, tute litt rundt palme stammene slik at mulige folk, okser, geiter eller ender forhåpentlivis flytter seg rundt svingen. Fugler og sirrisser som synger, sola skin også når me kjører gjennom støv og søleputter. Me kom vel til Wema, og det gjekk flott nedatt også!

Fin gudstjeneste der Steven talte om viktigheten av å lesa i Bibelen kvar dag, slik som Israelsfolket i ørkenen måtte samla ny mat kvar dag!!

25 april 2008

Pwani kunst klubb


To av medlemmene av Pwani=Kysten kunst klubb kom opp til Nairobi denne veka og var saman med læraren sin rundt på forskjellege utstyrs forretningar og kunstgallerier. Mange kontakter blei knytta. Dei hadde med eit bilde som ein av dei hadde malt, og dei fekk god kritikk og oppmuntring til å halda på. Det er mange muligheter.

Ein ettermiddag drog me i parken for å få "fanga" nokre nye motiver.
Det største ønsket var å sjå løva og bøffel. Løva gøymde seg, men bøffelen kom så nær at tittelen på bilde under får vera komentaren frå den eine: "Nå kjem den!"

Såg mykje dyr og hadde ein fin tur saman.
Giraffane var det mange av og det var eit artig syn når du ser dei nært og har hovedstaden i bakgrunnen, ja, dei såg ut som dei var på veg til byen.

18 april 2008

Oppdatering om malegruppene!

Malegrupper har vore eit av Arnfinn sine store prosjekter denne perioden vår her på Kysten. I løpet av dei over 2,5 åra har ca 20 stk fått introduksjonskurset. Dei fleste av dei har teke fleire kurs. Her er mange ”kunstnar-eme” i alle aldrar!


7 av desse malar aktivt og fleire får nå ein del av inntektene sine frå malinga. Alle har sin eigen stil-art innanfor den naturalistiske stilen.
Dei malar kvar for seg og kjem i saman enten to og to, eller også fleire i lag og utvekslar idear og gir kvarandre råd. Spennande å sjå kva dette kan bli i framtida.
Nyt nokre av bilda:

16 april 2008

Bryllaups uke.

Me fekk den store æra å vera forlovarar til Alice og Nicholas! Gode venner av oss, og det var ein artig og kjekk opplevelse. Det har vært mykje planlegging og det var "bryllaup" heile siste veka. Lærte mykje.
Her er nokre bilde som viser litt av festen.

Her er brudgommen og forlover på veg inn.

Venter spent på at viselessermonien skal begynne og sløret skal taes vekk.

Flott brudepar!

Kake-sermonien. Helga vart fornøgd med kakene.

Forlovarane.

04 april 2008

Årlig konferanse

Nå er den årlige samlinga over. Det har vore ei fin, givande og god veka. Me har hatt rapportar, diskusjonar, planer for veien vidare, møter, diverse samlingar, familiemoro, fest og godt felleskap. Det blir ein lang familieleir. Torsdag til lordag var årsmøte, den engelske delen. Søndag til torsdag var den norske "påfyllingsdelen". Me blei ferdige med sakene ein dag før, så me hadde i går god tid til ein fin avslutningsdag.

Ein av våre hovedoppgåve var å pynta i forkant av konferansen. Trur kanskje at me hadde det kjekkast me 6 som stod for pyntinga. Arnfinn sitt hovedbidrag var eit maleri, og det blei flott.

I dag drog me frå Nairobi og sit i skrivande stund på Voi her me overnattar. Me gleder oss til å koma heim i morgon.