16 oktober 2006

Eit godt framkomstmiddel frå ferja og heim!



Det tok nokre veker,..månad før eg tørte å prøva meg. Kvar gong dei ville ha meg oppå sykkel, så unskyldte eg meg med at føtene var veldig gode i dag også. Eg lova å ta sykkel når det blei veldig varmt og sola steikte.
Så ein dag kom eg frå byen, og sola steikte verkeleg, då fekk eg spørsmålet; ja men nå må du vel ta sykkel taksi, sola er jo så sterk. Men eg unnskyldte meg, og sa nå sannheten at eg var litt redd.

Men ein dag eg hadde det litt travelt "i svingane" så hoppa eg oppå, og det gjekk jo så bra. Dermed er eg ein ivrig kunde på desse sykkeltaksiane. Det er kjempegodt når ein kjem trøytt frå byen eller andre stader.

Det var jo stort å få med storesyster oppå ein slik!

4 kommentarer:

Gunnstein sa...

Ja, dette var ein god måte å koma seg fram på.

Lurer på om eg skal starta opp noko liknande opp og ned Hålandsdalen, men kundegrunnlaget er vel litt lite?

Kjekt å sjå bilete frå Kenya:-)

Helga og Arnfinn sa...

Dette var kjekt! Skal prøva å få inn meir bilde i dag, men det var ikkje så lett i går.

Alt vel

Anonym sa...

hehe..ser for meg sjøl bak på sykkelen. dokk e gode. glad i dåkk.

Anonym sa...

Kjekt å få någen glimt frå kverdagen dokkas!! Hb dokke he det veldig bra. Misunne dokke som får bu i det varme Afrika. Varmen e ikkje akkurat problemet på desse kantane!

Klem frå frysepinnen Siri:)