Me reiste med buss frå Dubai til Muscat i Oman. Ja, me reiste heilt sør til Salalah,
det var ca 1450 km, så me tok både natt buss og dag buss. Men bussane var gode
og vegane flotte.
Her er me midt i ørkenen. Plassen heiter faktisk Hima, ikkje rart at me syntes her var fint.
Bussen hadde ein del pauser så me kunna få kjøpa oss noko å eta. Ellers hadde me ganske god plass til å strekkja oss på, i denne bussen
var me toppen 7 passasjererar.
Her er me i Salalah, her var det mest likt Mombasa, så her følte me oss heima.Det var kjekt å sjå ein del av det historiske som er mellom Oman, Zanzibar og
Mombasa. Kanskje dei kom over frå Mombasa i ein slik båt som me ser nedanfor.....

Så er det solnedgang over ørkenen, eit flott syn!!

Ein flott tur i eit flott land!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar