20 januar 2008

Den tøffe vegen til avgangseksamen.

Minste jenta til våre gode Digo-venner har hatt tøffe tak på skulen. Namnet hennar Shukra, betyr ”Takk”.
Ho har i ein del år gått på ein privat skule, men valgte å gå sista året på den offentlege skulen like ved heimen. Her er det mellom 80-100 elevar på det trinnet, og det seier seg sjølv at det ikkje er berre lett å få god undervisning og gode karakterar. Men ”takk” har stått på og er ein ”flink” elev.

I mest heile skuletida har ho hatt gode resultat og vært i blant dei beste i klassa, slik var det også dette sista året.

Eksamen nærma seg og det blei meir og meir hektisk.
Ein dag tok ein av lærarane avgangselevane med seg ned til sjøen og skulle fortelja dei ein hemmelig het; dersom kvar elev gav han ca 5 kr (Ksh 50), så skulle han gi ein ”lekkasje” og koma med eksamens papir som dei kunne øva seg på.
”Takk” og seks andre kristne jenter, sa rett ut nei til læraren og gav begrunnelsen klart og direkte til han; det kan eg ikkje som ein kristen, det er ikkje rett.
Læraren tok først ikkje eit nei for eit nei, men etter fleire dagars masing så måtte han gi opp.

Så var det å ”ta dei” på andre måtar.
Desse som trudde dei hadde fått god hjelp til å klara eksamen var ikkje så interesserte i undervisning lenger, så dei laga berre bråk. Desse 7 andre som ville lesa, fekk bruka eit anna klasserom og repiterte fag for fag i saman desse 7, utan lærar.
Dette blei ikkje godt likt av dei andre, og for å gjera ei lang historie litt kortare, så gjekk desse til dei eldste i landsbyen og trolldommen kom for alvor inn i bilde.
Forskjellege ting blei lagt på og ved pulten til ”Takk”. Dette skulle gjera at ho ikkje skulle klara eksamen.
”Takk” og foreldrene la dette også fram for Jesus, og ho var ikkje redd og stod på.

Eksamensdagane kom, mor og far fasta og bad heime og jenta gjekk og hadde eksamen. Mange rundt henne venta berre på at ho skulle gi opp. ”Takk” fullførte alle sine eksamensdagar, og nå er resultatet der: BEST PÅ SKULEN!! Det vil også seia at ho fekk så pass mange poeng at det er håp om at ho får innkalling til gode nasjonale skular.
Nok eit bevis på at det er trygt å ha den sterkaste på si sida!

1 kommentar:

Kirsten Nesse sa...

Fantastisk historie! Takk for slike innlegg.
Kirsten