08 januar 2008

Ein del av kvardagen nå for tida.

Det er fortsatt veldig spennande kva som vil skje i landet. Mange forhandlingar føregår nok og det les me om på internett, høyrer på radio, eller får nyheiter via sms.
Sjølv om spenninga i folket er stor, så har livet blitt meir normalt. Mykje folk ute om dagane, (folk passar på å vera heime før det er mørkt), nokre kjem tilbake frå reiser, og mange er nå opptekne av å få barna inn på skule att. Eit nytt skuleår skal begynna nå i januar, og med at ein del skular er øydelagde så er det mykje usikkert for mange.
Me har ein del venner innom, snakkar med dei på telefon og det er interessant å høyra.

Den siste halvanna veka har mykje av tida blitt brukt på å halda seg oppdatert. Arnfinn har hatt mange timar ved radioen, internettet og også mobilen. Helga har stort sett hatt skriving av sms. Me er glade for at straum, mobilnettet og internett har vore veldig stabil og me har kunne hatt god kontakt med leiaren vår i hovudstaden og familie og venner i Noreg.
Me føler at me har meir konsentrasjon nå og kan få unna litt ”vanlige” gjeremål, og det er godt, så me kan vera opptekne av litt andre ting også. Men nyheiter må ein alltid få med.

Elles så har me tre hatt mykje middag saman, og sidan me ikkje har kunna gått så mykje på lokalerestaurantar så har Helga laga meir middag på denne veka enn på lange tider! Kanskje det gjer litt godt også……
Me har spelt spill i saman og favoritten har nok blitt tallspillet ”Take it easy”. Ja, det kan seia så mangt.
Føler oss trygge her og har det godt. Våre nasjonale venner rundt oss har det etter forholda greitt.

1 kommentar:

Unknown sa...

Marie ser på spelet ditt Arnfinn og lurer på om du tjuvtrener til du kommer heim på hytta.

Bjørn og Marie