29 mai 2008

Palmebåtar

Mangt i nauturen kan nyttast, og det meste av kokos-palma brukast på forskjellege vis. Stamma kan brukas som materiale, inni stamma er noko som ein kan eta. Palme blada blir sydde til tak-matter, midstokken i bladet brukast til både peikestokk og mykje anna. Palmeblada kan også bli både hattar og dører. Så har me kokosnøtta som brukast i minst 5 forskjellege stadium. Palmevin blir også laga oppi toppen på palma. Men der som kokosnøtta veks er der på ein slags ”palmebåt” som beskyttar blomster og dei små kokosnøttene. Når kokosnøttene har blitt store nok til å ”klare seg sjølv” dette denne ”båten” ned, eller blir hengande å ”dingle” laust der oppe. Desse ”palmebåtane” blir ofte brukt som ved, men nokre har også funne ut at dei kan bli til fine dekorative fat.

Det hadde Abbas fått lært seg, og laga ein del saman med familien sin. Etter at han døde har kona og barna stått på og fortsett å laga.
Resultat blei flott synes me, og det var litt av ein tynge som ho bar då ho kom med dei 54 ”båtane” på hovudet.

Støttene som ”palmebåten” står på skjerer ho ut for hand. Flott arbeid som me håper ho kan få selt mykje av i framtida.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei. Prata med Mwanakombo og ungene her en dag. Veldig koselig. Flott at ho har tatt tak i "båtene". Det virker som ho klarer seg bra. Gleder meg til å treffe dem i november. Regner med noen av de båtene kommer inn stuedøra mi:) Blir kjekt å få dere hjem, blir dere boende på taket av sandnes? Gleder meg til å besøke dere. Klem