26 mai 2008

Venner

Ja, desse avskjedane er spesielle, det er både gleder og sorger.
Slik er det når me reiser frå Noreg og slik er det når me reiser herifrå. Tårer renn (på Helga), det er latter, og ein merkar at sterke vennskaps band er knytte, desse kan ikkje brytast av sjølv om me blir i forskjellege land nå.

Me var på Menzamwenye, mest ved grensa til Tanzania i går, og hadde ein flott dag. Gudsteneste, ”avskjeds-sermoni”, drama og dikt om koss me har hatt det i kvinnegruppa, barnedåp, samtaler og herleg mat som alltid der ute. Flott og sjå koss det har forandra seg. Har vært mest spesielt for Helga der ute, fordi ho har vore ca 1 gong i månaden på kvinneseminar. Hatt med andre lærarar, bakt og undervist. Flott å sjå koss dette har ført til at dei ønskjer å læra endå meir. Damene der står på.

Ein flott dag med mange ærend langs vegen, då blir det ein lang dag, og ein kjenner det i heile kroppen; avskjedar tek på!

Ingen kommentarer: