19 oktober 2006

Litt meir frå huset vårt og utsikten!

Dette er frå taket på huset vårt. Me har lita stova, men ein stor veranda og enda ein veranda oppe på taket! Herligt!
Eit av husdyra våre, reinholdsverket vårt! Stilig å studere når den springer.



Frå verandaen vår ser me over til Mombasa by ferja som frakter fleire hundre tusen mennesker over frå Mombasa øy og sør til fastlandet kvar dag. Det tek berre nokre få minutter over og den går gjevnt og trutt. Det er frå ei til tre ferjer som går fast. Mykje bilar og folk!

16 oktober 2006

Eit godt framkomstmiddel frå ferja og heim!



Det tok nokre veker,..månad før eg tørte å prøva meg. Kvar gong dei ville ha meg oppå sykkel, så unskyldte eg meg med at føtene var veldig gode i dag også. Eg lova å ta sykkel når det blei veldig varmt og sola steikte.
Så ein dag kom eg frå byen, og sola steikte verkeleg, då fekk eg spørsmålet; ja men nå må du vel ta sykkel taksi, sola er jo så sterk. Men eg unnskyldte meg, og sa nå sannheten at eg var litt redd.

Men ein dag eg hadde det litt travelt "i svingane" så hoppa eg oppå, og det gjekk jo så bra. Dermed er eg ein ivrig kunde på desse sykkeltaksiane. Det er kjempegodt når ein kjem trøytt frå byen eller andre stader.

Det var jo stort å få med storesyster oppå ein slik!