15 februar 2008

Litt reising

Me er litt på reisefot desse vekene, (ikkje noko uvanleg det). Arnfinn er på styremøte, det blei lagt til Arusha i Tanzania.
I dag kom eg opp til Nairobi, tok den "korte" vegen gjennom lufta denne gongen. Neste veka skal me ha seminarer med eit team frå Norge. Håper me får fine dagar saman og at me kan få råd og hjelp til å "takle" uroa i landet.
Godt å ha ein god sende-organisasjon som legger slike ting tilrette for oss!

05 februar 2008

Eit steg vidare......

I over eit år har fleire familiar i menigheten på Wema tatt seg av barn som enten har mista begge foreldra eller at ein av dei er død, som oftast av Hiv/Aids.
Erfaringa viser at dette er ein flott måte å hjelpa på. Ein når inn til folk som treng forskjelleg slags hjelp og dette er noko dei har lyst å satsa på vidare.

Nå blir bygningane på Wema ledige og dermed har kyrkja bestemt at dei nå skal prøva å samla desse 15 barna og at det blir til Faraja (= trøst) barneheim.
Mange ting må planleggjast og tenkjast på, og når det er mange som følar dette som ”sitt” så blir det mykje att og fram og mange svingar på vegen. MEN det er så flott når det er slik at dette er noko som blir skapt av menighets-medlemmene sjølv. Då er er det noko som vil gå vidare, sjølv om det blir tøffe tak. Det er mykje som ikkje er klart endå, men håpet er å starte i det små ca 1 mars nå i år.

04 februar 2008

Besøk av TeFT

Tid for ein liten oppdatering.
Litt att og fram har det vore, både med internett tilkoblingen, me på litt reisefot og uroa i landet. Men nå er internettet kobla til igjen, overgang til nytt system går som regel ikkje knirkefritt. Det er mykje som skjer i landet endå, men her på Kysten er det rolig og me kan ferdast rundt omkring og det har me gjort ganske mykje denne siste veka.

Onsdag drog me med bilen full av campingutstyr til Voi og møtte den flotte Teft gjengen der!! Flotte ungdommar!!
Det var berre å få surra 13 madrassar på taket og pakke inn resten i dei to bilane, og så rett inn i Tsavo East. Det er jo PARKEN! Der trivest me veldig godt og denne gongen blei ikkje noko unntak.

Teltleiren kom på plass; 5 telt og eitt myggnett i eit tre og med landcruiseren som seng! Så var det ut å sjå etter dyr. Ofte blir ein del folk leie av å kjøre rundt og rundt, stire og stire til auga blir ganske stort og sårt av både å stire og av alt støvet. Men denne gjengen…….. fekk ikkje nok! Det kunne jo ikkje vært betre klaff den første dagen med 7 løver rett rundt bilane, ja, ein kan få hjerte bank når løva går 1,5 meter i frå bilen og stirer deg djupt i auga. Ein jakt som blei ein kamp mellom ein stor bøffelflokk og 7 løver fekk me stå midt i og sjå på. Kjempe start på turen. Vår kollega tok gode bilder!

Leirbål med middag og drøs høyrer med, og det var varierande kor mykje folk sov når dei høyrde alle dyre lydane……..
Me hadde to fine døgn der inne i dyrene’s rike, der det liksom berre var oss og dyra. Kunne på ein måte kutta ut alle spenningar i landet og nyta freden i parken. Takk for eit godt avbrekk og muligheten til å studera Guds flotte skaparverk på nært hold endå ein gong.

Lordag kom me nedover til Kysten og til Msambweni. Flotte gudstenester i går og mange gode opplevelsar.
Nå er gjengen att på Msambweni og me er heimom her på Likoni litt. Me treffer dei att i morgon.
Håpar på ei flott veka her til dei reiser opp att til Voi på lordag.