21 januar 2007

Sand mellom og under tærne!



 Nå for tida er Arnfinn som regel på Wema på torsdagane. Det er malegruppe og så treffer han mange venner og kjente. Denne torsdagen var det ikkje nokre nybegynnarar så han trong ikkje så mykje utstyr. På slike dagar tek han ofte matatu, lokal buss, til krysset der ein tek av hovudvegen opp til Wema. Det er ikkje så ofte der kjem bilar på den vegen nå for tida, så då blir som oftast beina brukt dei 7,5km opp til Wema.    

Grusvegen går gjennom mange små landsbyar, mange palme trær heile vegen, store mango trær og elles alle lydane som høyrer med. Her møter ein tidligare naboar og får slå av ein prat med gamle venner og også knytte kontaktar med nye. Utruleg møtepunkt!

Her traska Arnfinn på sine plastikk sko…….. i laus sand, mykje sand. Det var bokstavleg tala sand under og mellom tærne! 

Nokre timar rundt Wema, malegruppe undervisning, spørsmål og svar og mange samtalar.

Så var det tilbaketuren. Planen var nå å ta matatu, den går som regel ein annan veg, slik at det på ein måte blei ein rundtur. Ein kan då ikkje berre sitja å venta på bilen, så då traska og gjekk han bortover i landsbyen.
Mange kjende, handtrykk, helsingar og småprat.
Ja, han gjekk og han gjekk…… over 4 km til på sine plastikk sko og med sand mellom og under tærne. Matatuen kom, og Arnfinn kom seg først til Ukunda der han fekk seg sin etterlengta pilau, (ris og kjøtt, Arnfinns sin livrett!!!), og så heim til Likoni.
Endå ein flott dag som var til ende, mange kontaktar, små drypp og …. ei stor blemme under foten!  

Då gjer det ekstra godt med litt cola og norsk sjokolade.

        


19 januar 2007

Stålull, vårt finaste fyrverkeri

NYTTÅR 2006/2007.

Me feira Nyttår med kollegane våre her, hadde det flott og koste oss.
Det finaste fyrverkeriet vårt er nok ei lang remse stållull på ein pinne.
Når då ein som er gankse høg kan svinge det rundt, særleg på stranden
ved det Indiske hav, ja då er det flott.......



 Ønskjer alt godt for det nya året!


Me reiste Oman på langs


Me reiste med buss frå Dubai til Muscat i Oman. Ja, me reiste heilt sør til Salalah,
det var ca 1450 km, så me tok både natt buss og dag buss. Men bussane var gode
og vegane flotte.

Her er me midt i ørkenen. Plassen heiter faktisk Hima, 
ikkje rart at me syntes her var fint.

Bussen hadde ein del pauser så me kunna få kjøpa oss noko å eta.
Ellers hadde me ganske god plass til å strekkja oss på, i denne bussen
var me toppen 7 passasjererar.

Her er me i Salalah, her var det mest likt Mombasa, så her følte me oss heima.
Det var kjekt å sjå ein del av det historiske som er mellom Oman, Zanzibar og
Mombasa. Kanskje dei kom over frå Mombasa i ein slik båt som me ser nedanfor.....



Så er det solnedgang over ørkenen, eit flott syn!!


 Ein flott tur i eit flott land!

06 januar 2007

Oppmuntrande besøk!

Me har litt besøk nå i jule og nyttårs helga, det har vore kjekt! I dag hadde me leiaren for menigheten på Wema og familien her. Ein ung digo mann som nå har vært kristen i snart 10 år. Ein fantastisk familie. Det var me som satt igjen med oppmuntringane etter dagen i dag.

Me var i kyrkja på Wema både julafta og 1 juledag, det var kjempe fint. Det har nå blitt ei god samarbeidsånd der og det virke som dei har det så kjekt i saman, mange forskjellege stammar, og nå begynner det og bli ganske mange digoar der. Når det vaksne koret skal opp å syngja så reiser mest heile forsamlinga seg, så mange er med i koret, og dei syng med glede både unge og gamle!

Nå fortalde leiaren om at dei hadde ei lita husfelleskaps gruppe der dei var nokre tidligare muslimar og andre, som samlast rundt i heimane. Dei hadde også fått med seg ein ny, muslim, som hadde så mange spørsmål. Dei hadde svart på ein del, og skulle gi han fleire svar etter kvart.

Han var veldig oppglødd og fekk med seg fleire bøker, både nokre som gir konkrete svar på mange spørsmål som ofte blir stilt av muslimer, og også enkle bøker som han ville gi til dei i malegruppa som dei har på Wema, og andre som har høyrt mykje allereide. Det er så utrulegt!

Det er oppmuntrande å sjå at både rundt Wema og på Msambweni er der nå grupper som møtes i det stille, der muslimer aktivt leser i Bibelen og får opplæring. På Msambweni har allereide to offentlegt sagt at dei har tatt imot Jesus. Takk!