19 mars 2008

Vår gode venn Abbas er død.

Vanskeleg å få uttrykt skriftleg det som har skjedd den siste veka.
Torsdag for mest to veker sidan blei Abbas innlagt på sjukehuset. Han fekk store doser med malaria medisin sjølv om ikkje malaria var påvist. Seinare blei det påvist tyfoid, men det er ikkje lett å vita kva han eigentleg hadde.
Me var på sjukehuset på søndag og fekk prata med han då.

Tysdag morgon fekk me telefon om at dei ville prøva å få han til eit betre sjukehus. Helga drog av gårde med bilen straks og var der ute etter ca 1 time. Der trefte ho kona og fleire i familien og me venta nå på at alt skulle bli klart og setja oss i bilen. Det trakk ut, og Helga blei kaldt opp att, då var Abbas død. Ufatteleg. Han døde i hendene på dei som støtta han når han var på vei ut til bilen.
Den morgonen hadde han hatt besøk av fleire av våre venner, og dei hadde fått bedt saman om at Guds vilje måtte skje, og rett etterpå så flytta han heim til Jesus.

Kona sit att med 5 barn frå 4-14 år. Det har vore mange tøffe tak dei siste vekene; sjukdomen, at han døde, gravferda og alt rundt det. Men kanskje står dei tøffaste taka att; det å bli høyrd som ei kristen enka midt inn i familiane på begge sider. Ho virke sterk og har kjent ein fred midt i det heila.

Det har vore godt å få vera nær midt oppi dette, men det har vore veldig tøft. Midt i alt som har skjedd så har me fått kjent ein fred, og våre venner rundt oss ber oss også å overbringe ein takk til alle som husker på oss i denne tida.

08 mars 2008

Ein av heltane.

Etter jul har det var mange triste historier og mykje vondt har skjedd her i landet. Media fokuserer som regel mest på dei verste historiene, og dei er nok sanne og fæle. Men midt i alt dette er der mange heltar. Det gjeld nok i alle delar av landet, men me har lyst å dela litt om vennene våre. Veninna vår Eunice, luo, som er gift med ein frå luyha stamma og som bur i utkanten av hovudstaden, i eit av dei områda som blei hardast ramma under urolighetene.

Dei har sitt eige lite, enkle hus der og saman med sonen har dei det veldig greitt. Så satte urolighetene inn, og mange dagar fekk me telefon og meldingar som: ”Nå plyndrar og stel dei rett utanfor. Nå skytes det. Nå blir nokre drep her.”
Det kjem liksom endå meir inn på livet når ein har slik direkte kontakt.
I dette litla huset var dei over 20 stk som dei tok vare på og skulle få tak i mat til. Her skjulte dei folk frå dei to stammene som på ein måte skulle vera deira ”fiendar”. Dei åt det dei hadde, ho og mannen prøvde å gå ut når dei kunne å få kjøpt litt. Mannen og andre i det boligområdet sov ute og haldt vakt i fleire veker.

Ei i nabolaget hadde ”tysta” og dermed kom ein gjeng og skulle ta den lille butikken utanfor huset deira som ei frå ei ”fiende” stamme hadde. Denne dama hadde kome seg inn i huset til Eunice og haldt seg delvis skjult der. Eunice var kjapp i avgjerelsen og stilte seg opp i butikken. Ein gjeng på ca 100 ungdommar med kjeppar og diverse var der og ”visste” at denne butikken tilhøyrde ei frå ”feil” stamme. ”Nei, ho er ikkje her nå”, Eunice var myndig i stemma og fekk snakka seg unna slik at ho berga både livet og butikken til denne dama! Gjengen gav ordre om å stengja butikken straks, og ho fekk sendt bod etter nøklane og fekk etter litt fomling stengt den på ein grei måte.
Mannen var på arbeid, og når ho ringte oss rett etterpå så dunka hjarta hennar endå hardt, glad over at ho hadde berga eit liv og at alt var godt. Like etter blei det meir skyting utanfor og dei måtte skjula seg inne.
Eunice har gitt stort utrykk for at dei har kjent fred mitt oppi det heile, fått styrke når dei trong den, styrke i sjukdom, i fare og i redsel.

Tøffe tak, ikkje rart at lille, spede, slanke, rakrygga, modige og smilande Eunice hadde fått nokre meir grove trekk når me såg henne att etter ca 2 månader. Du så godt det var å sjå henne att! Sonen på 4 er like heil, utvortes. Barnehagen han gjekk i er brunnen ned, og mange ting snakkast om rundt i nabolaget og former dei små. Som mora sa; her trengs mykje prating og oppfølging i heimen, også det etterarbeidet er tøffe tak.

03 mars 2008

Faraja.

Det gikk!
Målet var at barneheimen Faraja på Wema skulle starte litt forsiktig 1 mars, og sanneleg det gjekk. Me tvilte vel litt på det undervegs når dei som budde der før hadde kalka veggene inne, og det oppå god maling, så der var litt av kvart å ta tak i.
Menigheten på Wema har stilt opp, ja det har vore dugnad der lenge. Onsdag til torsdag var me der oppe og var med i dugnaden. At kalk-støv kan gjera til og med ein ”kviting” kvitare, ja, det skal vera sikkert! Artig syn, men det som kanskje er det besta er det samhaldet det blir når ein jobbar slik i lag.

Diverse innkjøp måtte jo til, og ein viktig del var jo madrassar. Vår jobb var å vera med å frakta og det var artig kva som går til og med på ein bil utan takgrind.

Nå er der 12 barn som bor der og blir tatt hand om av Steven, Monica og dei andre. Dei går på skulen like ved om dagen, men sidan der er 6 lærarar på 8 klassetrinn så seier det seg sjølv at det ikkje er den beste skulen. Derfor får dei ekstra undervisning heime på Wema.

02 mars 2008

Nå har me internett att.

Me hadde ei fin og god veka i Nairobi. Nyttige seminar, godt å møta kollega, og så blei det diverse møter og "strø-jobber". Det er faktisk over ei veka sidan me kom heim att og du verden som den veka har forsvunne!

Denne veka har mykje av vår tid godt med å hjelpa til på Wema der dei starta barne heim i går. Utruleg spennande!

Formen vår er god, det blei litt forkjølelse i kalde Arusha og Nairobi, men nå er me i godformen att. Det er også internettet som har hatt sine problemer i overgangen til nytt "system". Nå håper me at det skal virka greit og at me kan få lagt inn livstegn noko oftare.

Så er det ein letta tone blant folket her, generelt så håper dei nå at ting skal normalisera seg meir og "bygge" landet vidare.