16 juli 2007

Lesesal med høgde under taket!






Ja, det er jammen ikkje alle som kan forbereda seg, studera eller ha si daglege lesestund på ein slik lesesal!!
Her er det jammen laaangt opp til ”taket”. Det er lett å finna både inspirasjon og å ”få roen” på denne plassen. Det er faktisk oppe på vårt tak, og Arnfinn sit her rett som det er, enten i morgon- eller kveld-sola.
Ein herleg plass me har!

13 juli 2007

To navnesøstre.


Ikkje verst! To stk Helga!
Ja, det er sant, og kjempe kjekt! Har lov å ”skjemma” litt ut også då veit du……
Me har kjent far og farmor i mange år, så dette var kjekt. Ei herleg tulle. Ho er så snill seier dei, akkurat som……..
Ja, ja, kjekt er det i alle fall.

09 juli 2007

Divers gjøremål


Bryllaupskaka blei ganske bra den syntes eg. Litt av kvart ein har som gjeremål ser dokke! Eg er ingen bakar, men det var faktisk litt kjekt når eg stod der å pynta og fann ut av nye ting. Ja, det blei ei laang natt, så eg såg på det som hobbyen min. (Dette var jo pyntinga, dagen før var steikinga.)
Her brukar me melis til å lage lokk og elles pynten, her er det ikkje marsipan. Så der gjekk med ca 9kg. Det er liksom ikkje berre å pynta dei og så setja dei rett på bordet. Nei, her må ein lage til vann bad og setja dei opp på, elles kjem mauren, og når dei kjem, ja, så kjem dei mange på ein gong. Men det gjekk godt, og me fekk også frakta den vel fram til bryllaupet.
Artig!

Tur til Lamu




Ja, så tilslutt så kom me oss ein tur til Lamu!! Det har nok vore ein draum i mange år, men nå fekk me det til i lag med gode venner. Det var utruleg kjekt å sjå litt av livet på øya. Ekstra kjekt var det for oss som kjenner nokon som er født og oppvaksen der. Fekk litt omvisning og det var spennande.

Det var tronge gater i byen, flotte dører, og me såg nokre traktorar, 1 bil, 1 duktuk (påbygd skooter), elles var bilane på Lamu, eslar! Spesielt, og det gjorde at der ikkje var så mykje bråk, helst fredeleg.
Sjølv om det ikkje er den beste tida på sjøen nå, i alle fall ikkje for ”landkrabbar”, så fekk me oss ein tur både med seglbåt og med motorbåt. Seglturen blei i til dels store bølgjer for ein del av oss, men det gjekk bra og fram kom me utan at nokon spydde!

Fine dagar hadde me og koste oss masse. Mange flotte minner.