24 august 2007

Vel heima att!


Arfinn hadde ein fin og god tur til Pokot!
Heimturen tok han i eit ”jafs”. Bil frå Kapenguria til Kitale. Buss derifrå og til Nairobi, venta nokre timar, og så nattbuss heim til Kysten. Det blei ca 18 timer på buss, og nokre timars venting. Før kl 6 torsdags morgon, var han på porten heime. Ein god tur, og alt har gått godt. Takk for at han er vel heima att!

22 august 2007

....ein......tur!

Eg, Helga, skulle ein tur til Msambweni i går. I denne perioden har eg fått lov til å ”vera assistent” til kasseraren når han går på skule. Der er veldig kjekt å vera slik ærendspike, gjera det ein får beskjed om, og ikkje kunna bestemma så mykje, men gje råd og hjelpa til. Så var eg ”sendt” ein tur til kontoret og ”starta ut” om morgonen som vanleg.
Me tek ein del matatu, lokal buss, det er blir billegare og så kjem ein meir ”inn på folk” og får mange kontaktar. Men i går hadde eg ikkje noko val. Porten her me leiger hadde gått seg skeiv etter ein del år, og der hadde vore ein handverkar og skulle ordne den, men han hadde støypt hengslene inne, så då…. Ja, då gjekk den ikkje opp!!! Bilen kunne berre ikkje koma ut. (godt å berre leiga og ikkje ha noko ansvar for vedlikehald!)

Eg traska ned til busshaldplassen, merkeleg, mest ingen bilar og folk, hmm…. Det må bety kontroll av bilane, og dermed full stopp i busstrafikken nokre timar. Stemte. Det var å gå litt lenger opp og venta…. Ja, kva gjer eg nå; går heim att – nei nokre ventar på kontoret, går vidare og prøver å få bil ca 2 km lenger vekke – nei, ikkje endå, regnar for mykje, blir kliss. Så då venta eg ca 1t og litt til, og der kom der jammen ein matatu som sette av folk der og den skulle til Msambweni. Trur folk var redde for at prisane steig masse, så eg var mest den første inn i bilen, det blei større trengsel etter kvart! Den fyltes fort opp og me kom oss avgårde.


Fekk gjort stort sett det eg skulle på Msambweni, bortom nokre venner som hadde laga middag til meg, herleg, og så på tur heim att.
Det små regnar litt her for tida, så utan paraplyen så er det godt å ha eit sjal som ein kan dekkja seg med. Matatuen var ganske så full den første km på tilbaketuren, så det blei ingen sitje plass nei (god lufting!!!!), men det fekk eg etter kvart og kom meg vel heim.

Flott kor mykje ein lærer av ein slik dag; kjem innpå folk og det som skjer, får ein del samtalar og får tid til å tenkja og huska på. Så er ein også ganske trøytt når ein kjem heim om kvelden.
Takk for at eg får slike dagar!

20 august 2007

Eit visdomsord

Me hadde gjester frå Noreg i juli og dei gav oss ein fin presang; ein kalender med visdomsord på. (”Oppmuntringer – fra maria fontaine”)
Her om dagen kom der fram noko som me synes dekker litt av det me har lyst til å ha som ”mål”. I dette tålmodighetsarbeidet så trur me at det hjelper godt på!

”Å være optimistisk betyr ikke at vi ikkje ser problemene, men at vi har tro på at det finnes en løsning.”

19 august 2007

Så kom regnbya

Ja, eg skulle til å ta meg ein kaffi kopp på verandaen. Det er forresten ikkje vanleg for meg når eg er åleine. Eg hadde vore på eit møte i byen, ete bønner og mais, og det gjorde nok at eg var litt ”svenåge” og fann ut at eg måtte ha ein kaffikopp. Arnfinn er på reis til Pokot, så han får ta kaffien der.
Kaffien var god den, og veldig god med smørbukk karamell til!

Så høyrde eg ein kjend lyd, det er mest den same som når toget kjem inn til Sandnes stasjon, men dette var ikkje toget på Jær-banen, men ei kraftig regnbya!
Utruleg å høyra og sjå koss den kjem utanfrå det Indiske hav og innover land. Palmane bøyer seg og er med på å lage denne ”tog-lyden”. Eit fantastisk syn, det lettar på trykket i lufta, og så blir det så friskt og grønt etterpå! Regnet får bløyta opp og gjera godt.
Eg fekk nyta kaffien min frå stova og filosofera litt….

Det er ikkje alltid eg ser og tenkjer over kva regnet gjer og at veksten på ein måte kjem av seg sjølv. Ikkje alltid at eg ser og forstår korleis Gud gjev vekst i sin åker heller.
Men utruleg stort er det å sjå graset spira, og større er det for oss å sjå desse hus-gruppene, (cellegruppene) som veks fram og formeirar seg. Det er Gud som gjev vekst i si tid!

(Det drypper litt inn i huset vårt også!)