27 november 2007

Nye framkomstmiddel

Skulle ein til Wema hadde ein som regel 3 alternativ; 1) køyra eigen bil. 2) ta matatu, då inklusivt ein del venting. 3) ta matatu langs hovudvegen og gå dei siste 7,4 km.
Her skjer forandringar stadig vekk. Nå kan du ta matatu til Ukunda og ta motorsykkel - taksi til same pris som matatu! Dei står i kø og du kjem deg raskt fram. Det er ein humpete og grøftete grusveg, så du må halda deg godt FAST, og så får du gratis brunfarge. Einaste bakdelen med brunfargen er at den går av med dusjen når du er vel heima att om kvelden!!
Slik er Arnfinns nye kvardag på malegruppene på Wema!

Surt og søtt

Eit fint kvinneseminar sør ved grensa til Tanzania att. Latter, undervisning og samtaler. Bakinga denne gongen var sur mjølks kake med kanel.
Kakene blir steikte i gryte på 3 steinar, med litt glør under og mest ved/glør oppå lokket. Det fungerer kjempebra. Nokre var allereie steikte og stod på bordet då eg så at nokon flytta bordet litt tilsides. Jo, det var det at rotta som av og til har tilhald oppe i mønet satt akkurat der og tissa så det skvatt rundt kakene! Godt at ho ikkje trefte midt oppi.
Søtt.

På vegen heim var eg glad, hadde hatt ein fin dag, men trøytt, mange inntrykk og ikkje heilt i form. Så då fekk eg nok eit eksempel på ”surt” i kvardagslivet.
Me hadde nokre ærend på vegen, og svinga av. Nokre ukjende ungar kom springande rundt bilen, ropte kviting og ville ha snop osv. Adrenalinet stiger godt då…. og når då han eine kom fram med pinnen og skulle bruka på bilen, då sprakk det. Eg opna døra og brølte, det var nok ikkje så fint, dei sprang….
Surt.
Surt at ”mitt sanne eg” kom fram endå ein gong, og det etter så mykje ”søtt” tidlegare på dagen.

20 november 2007

Harambee

Julemesse tid i Noreg nå, litt av eit liv på mange av desse messene, travelt, men mykje artig og viktig. Eg vil mest seia at Kenya sitt svar på basarar og julemesser er diverse harambee, dugnader, som blir haldt ved forskjellege anledningar. Det kan vera forskjellege innsamlingar i kyrkjer, skular og mange andre ting.

Ein av anledningane i livet når dette er mykje brukt, er når ein skal gifta seg. Som regel ein ”komitee” som styrer med førebuingane til bryllaupet; få inn nok pengar og styre mange ting som; transport for parets foreldre og familie, biler til brudefølgjet (som oftast er det minst 10 brudepiker), pynting med ballonger etc, mat til fleire hundre, kake osv. Ja, mange ting!!

Artig, fullt liv! Lotteri der ein lodder ut eggebrett, kontantkort til mobil. Auksjon av bananar, stoffstykke osv. Kjekt å kunna utfordra kvarandre, to som ”konkurrer” og så me andre som støttar kvart sitt ”lag”! Stemmebruk, latter og liv og røre. Nokon må betala ”bot” for å ha ledd for mykje, hatt på feil klede, ja, ein kan få ”bot” for mange ting ein slik dag. Song og andakt er også ein naturleg del av ”festen”.
For meg som er oppvoksen med basar i Ryfylke er dette heilt topp. Ekstra glad blir ein når målet for innsamlinga blir nådd og me kan vera med å hjelpa to til å få gjennomført planen om å gifta seg.

18 november 2007

Heia tur!

Den første helga me var i Noreg hadde me ein flott vandring i Suldals heia! Flott natur, stille, litt fysisk trim og herleg ferie.
Turen starta frå Kvilldal fredag midt på dagen, og me vandra innover i lett terreng til Stranddalen. Tenk dette hadde me planlagt omtrent eit år på førehand, og så fekk me det nydelege været, (omtrent den finaste helga som hadde vært på fleire månader). Stranddalen er ei kjent turristhytte, men ingen av oss 4 hadde vært der før. Hytta er store deler av året betjent, men var stengt nå, men ein del av den var open for vandrar som oss. Medbrakt elg filet, sopp osv, lagde ”prikken over i-en” og me hadde ein flott kveld og natt der.

Neste dag skulle me til Sandsa, men med ein tur oppom Napen, som skal vera Rogalands nest høgaste fjell med 1350m. Den har me sett på frå ”vår” hytta i alle år, og endeleg nådde me toppen. Fantastisk utsikt i den klåre haust lufta.

Kroppen fungerte bra, men nedstigningane, mange høgdemeter til saman, gir nok ein annan effekt på kne, musklar og sener enn flat støvete landeveg her på Kysten. Så det var med ulike stilar me kom til hytta på Sandsa den kvelden. Men flott var det uansett. Arnfinn tok båt ut vatnet neste dag, og der møttes me, og mor var sjåfør ein etappe slik at me kunne rekka å gå frå Fjellberg og koma til hytta vår på Råshei. Der var fleire av slekta samla og hadde herleg komle middag klar!! Me var på heia til tysdagen - herleg med ferie!

15 november 2007

Hima på Kysten att etter 5 gode veker i Norge.

Ja, nå er me vel tilbake for 1 veka sidan, etter 5 gode veker i Norge. Det var kjempe kjekt og me fekk med oss veldig mykje. Godt å vera saman med familie og venner att.
Ein del fint haustver fekk me også med oss, masssseee god mat og ein del samlingar av forskjellege slag!

Jæren med sin flotte natur;

og Erfjord med sin natur, elva og stillheten der inne.

Utruleg flotte veker.

Me har det også godt her heima på Likoni. Her er det veldig godt og varmet, det var kaaldt i Norge, men gode ullplagg ordner det meste. Men når ein tenkjer på at den temperaturen som dei fleste hadde i sine stover er under minimumstemperaturen som me har om natta i noko av den kaldaste tida her ute,..... ja, då skjønar dokke at det kunne vera kaldt av og til. Men Arnfinn var ganske godt avklimatisert etter ei veka, verre med kona!