26 april 2007

Slik gikk det under punkteringen:!

Ja, slik såg dekket ut, ikkje berre ein gong, men tre gonger. For det som ikkje skal skje var jo skjedd at reservedekket var flatt. Dette var altså søndags morgon og me skulle avgårde på gudstjeneste til Menzamwenye, nesten ved Tanzania grensa. Arnfinn var begynt å få ein mageinfeksjon, så formen var ikkje heilt på topp.
Så var det å få dekket reparert, og den transporten som var nermast då var sykkeltaksi!!
Eg trudde først at eg kunne få ein til å ta dekket og ein til meg, men der var berre ein. Ja, eg fekk beskjed om å setja meg på som ein mann, (til vanlig sitter me damene til den eine sida, ikkje til skrevs). Så var det å sitja så langt bakpå som mulig, og der kom dekket oppå.
Ja, så for me avgårde!! Ein sykkeltur på ca 5-10 min., midt i kaoset med ferjekøen. Eg skulle likt å hatt kamera i auga då slik at eg kunne tatt bilde av alle dei rare reaksjonane.
Men me kom greit fram til bensinstasjonen, sjåføren og eg venta til lappinga var unnagjort og så var det tilbaketuren. Det gjekk så godt, noen matatu (buss) konduktører fikk litt hakeslepp, men kanskje ikkje så rart......
Me fekk skifta dekk, reparert det neste også og kom oss avgårde berre ein halv time forsinka.
Då me kom fram til Menzamwenye lakk lufta ut av det samme dekket igjen! Men då hadde me jo reservedekket klart.
Alt gikk bra, me hadde ein fin gudstjeneste, Arnfinn preika og hadde nattverd sjølv om mageinfeksjonen var på frammarsj.
Ein detalj frå kvardagen som også svigers fekk oppleva nå under turen deira her.

Punkteringer....



Her var en av opplevelse i en "vanlig" kvardag