31 mai 2007

Småglimt i regntida!

Ja, det regnar!!!
Nå har det regnet omtrent i 2 -3 dagar, før det var det litt solglyttar og så hadde det vært regn over 1 veka. Det er mykje det her på Kysten kor me er så vane med sol. Ja, Bergensrekorden med 96 dagar med regn er uforståeleg for oss.

Veiene er det så som så med, hull blir det, sorpa og biler som sit fast. Ja, ein må ha god tid, og så må ein ta ting som dei kjem!

I dag er det ein sjuketransport. Arnfinn starta kl 6 for å vera blant dei første bilane på veien opp til Wema. Då var sjansen ganske stor for å koma fram. Verre utpå dagen når mange har spunne og står fast. Det gjekk bra, og dei fekk ta med den sjuke. Han er veldig dårleg. Har vore innlagt på offentleg sjukehus, men lite hjelp å få. Nå håper dei på gode medisinar, som er veldig dyre, men fåast gratis på nokre klinikkar. Håper at denne medisinen kan gi han nokre gode år til framover.
Broren er leiaren i kyrkja på Wema, og han har ein utruleg omsorg. Han og kona står på, men det tek på. Håper at mange kan sjå korleis leiaren tek seg av sin familie sjølv om dei er muslimar. Tøffe tak, men håper at Gud kan venda det vonda til noko godt.
Spennande å sjå om Arnfinn kjem fram på vegane seinare på dagen. Kan nok bli seint……

Elles i denne regntida har me også fått vore med i bryllaup. Ein av Arnfinns malestudentar som ville få formalisert ekteskapet sitt. Det var eit muslimsk bryllaup inn i Digo-tradisjonen. Det var fest både hjå brudgommen og brudas familie kvar for seg, torsdag til fredag. Så reiste brudgommen med sitt følgje ned til bruda. Seremonien blei gjort der, med mat og diverse, så kjøretur opp til brudgommen. Der var det mat og prat utover heile dagen att, og så levande musikk heile natta. Ja, det er å feira 3 dagar til ende akkurat som me gjer i Ryfylke.
Bruda hadde 4 forskjellege kjolar!! Me var heime hjå brudgommen, fekk mat og satt utover heile ettermiddagen og til kvelden. Gjekk når det begynte å hølja ned og så skulle musikken og ”festen” starta. Bruda er mest inne, men me fekk helsa på dei begge og så kjem ho ut og er med i dansen om kvelden.
Me fekk treffa utruleg med venner og naboar. Ein fin dag, og så var det spesielt når ein mest ikkje fann att stien i mørket når ein skulle tilbake til bilen. … det regna så me var ikkje tørre heller…….

12 mai 2007

Familiebesøk.

Me har nå hatt koseleg besøk av Arnfinns foreldre. Godt å ha god tid saman og få oppleva både kvardagar og festdagar i saman.

Nokre dagar i park blei det i begynninga, med mykje dyr, og så over 3 veker heime på Kysten. Dei fekk ikkje velja så mykje sjølv, men var med på det som var inne i vårt program. Det blei mange forskjellege rettar å smaka på i diverse forskjellege spisestader. Men me rekna saman at det vart pilau, (Kystens festrett og Arnfinns livrett) minst 10 gonger. Då syntes nokre at det var godt og også få litt Kinamat! Godt å ha nokre dagar innimellom der inntrykka fekk søkkja inn.

Flotte veker, utruleg spreke, klarte varmen godt, og me sit at med mange gode minner! Takk!