26 april 2007

Slik gikk det under punkteringen:!

Ja, slik såg dekket ut, ikkje berre ein gong, men tre gonger. For det som ikkje skal skje var jo skjedd at reservedekket var flatt. Dette var altså søndags morgon og me skulle avgårde på gudstjeneste til Menzamwenye, nesten ved Tanzania grensa. Arnfinn var begynt å få ein mageinfeksjon, så formen var ikkje heilt på topp.
Så var det å få dekket reparert, og den transporten som var nermast då var sykkeltaksi!!
Eg trudde først at eg kunne få ein til å ta dekket og ein til meg, men der var berre ein. Ja, eg fekk beskjed om å setja meg på som ein mann, (til vanlig sitter me damene til den eine sida, ikkje til skrevs). Så var det å sitja så langt bakpå som mulig, og der kom dekket oppå.
Ja, så for me avgårde!! Ein sykkeltur på ca 5-10 min., midt i kaoset med ferjekøen. Eg skulle likt å hatt kamera i auga då slik at eg kunne tatt bilde av alle dei rare reaksjonane.
Men me kom greit fram til bensinstasjonen, sjåføren og eg venta til lappinga var unnagjort og så var det tilbaketuren. Det gjekk så godt, noen matatu (buss) konduktører fikk litt hakeslepp, men kanskje ikkje så rart......
Me fekk skifta dekk, reparert det neste også og kom oss avgårde berre ein halv time forsinka.
Då me kom fram til Menzamwenye lakk lufta ut av det samme dekket igjen! Men då hadde me jo reservedekket klart.
Alt gikk bra, me hadde ein fin gudstjeneste, Arnfinn preika og hadde nattverd sjølv om mageinfeksjonen var på frammarsj.
Ein detalj frå kvardagen som også svigers fekk oppleva nå under turen deira her.

Punkteringer....



Her var en av opplevelse i en "vanlig" kvardag

14 mars 2007

Litt trøbbel!

Ja, det er ikkje alltid såå lett. Var noko på bloggen som kunne vera enklare og så skulle me skifta til det..... Men då var det nye passord og det gløymte me..... Tida fyke.
Me har vore på den årlege konferansen, det var fint. Godt å vera tilbake att, nå er det varmere her, svetter skikkelig nå. Så når ein er ute på forskjellige ting, slik som i dag, ja, då er ein trøytt når klokka nermar seg 22.
Håper at me nå har rette passord.... og at meir følgjer....

05 februar 2007

BRØYT

Tenk at me skulle møta ein BRØYT i nabolaget rett her på Likoni!
Ø-en i brøyt lyser lang vei, og viser oss klart at dette er ekte vare frå BRYNE!
Då var det jammen ikkje rart at Jærbuen måtte ut med kameraet og få eit bevis
på at dette stemte. Stilig.


                                                          



 

 Eit utruleg artig syn, midt på Likoni, der står Brøyten og den jobber seg framover.
Ja, det som kjem frå Bryne fartar alle stader!
Brøyten frå Brødrene Søyland er slitesterk....

21 januar 2007

Sand mellom og under tærne!



 Nå for tida er Arnfinn som regel på Wema på torsdagane. Det er malegruppe og så treffer han mange venner og kjente. Denne torsdagen var det ikkje nokre nybegynnarar så han trong ikkje så mykje utstyr. På slike dagar tek han ofte matatu, lokal buss, til krysset der ein tek av hovudvegen opp til Wema. Det er ikkje så ofte der kjem bilar på den vegen nå for tida, så då blir som oftast beina brukt dei 7,5km opp til Wema.    

Grusvegen går gjennom mange små landsbyar, mange palme trær heile vegen, store mango trær og elles alle lydane som høyrer med. Her møter ein tidligare naboar og får slå av ein prat med gamle venner og også knytte kontaktar med nye. Utruleg møtepunkt!

Her traska Arnfinn på sine plastikk sko…….. i laus sand, mykje sand. Det var bokstavleg tala sand under og mellom tærne! 

Nokre timar rundt Wema, malegruppe undervisning, spørsmål og svar og mange samtalar.

Så var det tilbaketuren. Planen var nå å ta matatu, den går som regel ein annan veg, slik at det på ein måte blei ein rundtur. Ein kan då ikkje berre sitja å venta på bilen, så då traska og gjekk han bortover i landsbyen.
Mange kjende, handtrykk, helsingar og småprat.
Ja, han gjekk og han gjekk…… over 4 km til på sine plastikk sko og med sand mellom og under tærne. Matatuen kom, og Arnfinn kom seg først til Ukunda der han fekk seg sin etterlengta pilau, (ris og kjøtt, Arnfinns sin livrett!!!), og så heim til Likoni.
Endå ein flott dag som var til ende, mange kontaktar, små drypp og …. ei stor blemme under foten!  

Då gjer det ekstra godt med litt cola og norsk sjokolade.

        


19 januar 2007

Stålull, vårt finaste fyrverkeri

NYTTÅR 2006/2007.

Me feira Nyttår med kollegane våre her, hadde det flott og koste oss.
Det finaste fyrverkeriet vårt er nok ei lang remse stållull på ein pinne.
Når då ein som er gankse høg kan svinge det rundt, særleg på stranden
ved det Indiske hav, ja då er det flott.......



 Ønskjer alt godt for det nya året!


Me reiste Oman på langs


Me reiste med buss frå Dubai til Muscat i Oman. Ja, me reiste heilt sør til Salalah,
det var ca 1450 km, så me tok både natt buss og dag buss. Men bussane var gode
og vegane flotte.

Her er me midt i ørkenen. Plassen heiter faktisk Hima, 
ikkje rart at me syntes her var fint.

Bussen hadde ein del pauser så me kunna få kjøpa oss noko å eta.
Ellers hadde me ganske god plass til å strekkja oss på, i denne bussen
var me toppen 7 passasjererar.

Her er me i Salalah, her var det mest likt Mombasa, så her følte me oss heima.
Det var kjekt å sjå ein del av det historiske som er mellom Oman, Zanzibar og
Mombasa. Kanskje dei kom over frå Mombasa i ein slik båt som me ser nedanfor.....



Så er det solnedgang over ørkenen, eit flott syn!!


 Ein flott tur i eit flott land!