29 desember 2007

"Enten med henjen eller med sprenjen"

I Ryfylke er der mange gode utrykk, det meiner i alle fall Helga, og dette er eit av dei. Ja, enten så er du i den eine grøfta eller så i den andre.
Det kan brukast på så mange ting, men akkurat nå syntes me det var passande på besøk hjå oss 3 og 4 juledag.

3 juledag var det val her, og du så stilt. Ikkje eit menneske på besøk, me var på eit lite besøk om kvelden, men elles heilt stilt. Ja, det var herleg der og då og me naut det i fulle drag, men kanskje er det godt at det er 5 år mellom kvar val dag. Så når der ikkje var nokon innom på torsdag, så tok me det att på fredag. …. Ei vennegruppe frå Voi, 15 stk, så 3 frå byen, 2 frå der…. Ja, det blei ganske fullt og livleg. Lappane og kakene blei det avsetnad på.
Det er nok dei beste dagane dette. Sjølv om ein stille dag var godt, så er det nok desse dagane med masse ”nettverksarbeid”, småsamtalar osv, som er dei rikaste og beste!

Ingen kommentarer: