03 mars 2008

Faraja.

Det gikk!
Målet var at barneheimen Faraja på Wema skulle starte litt forsiktig 1 mars, og sanneleg det gjekk. Me tvilte vel litt på det undervegs når dei som budde der før hadde kalka veggene inne, og det oppå god maling, så der var litt av kvart å ta tak i.
Menigheten på Wema har stilt opp, ja det har vore dugnad der lenge. Onsdag til torsdag var me der oppe og var med i dugnaden. At kalk-støv kan gjera til og med ein ”kviting” kvitare, ja, det skal vera sikkert! Artig syn, men det som kanskje er det besta er det samhaldet det blir når ein jobbar slik i lag.

Diverse innkjøp måtte jo til, og ein viktig del var jo madrassar. Vår jobb var å vera med å frakta og det var artig kva som går til og med på ein bil utan takgrind.

Nå er der 12 barn som bor der og blir tatt hand om av Steven, Monica og dei andre. Dei går på skulen like ved om dagen, men sidan der er 6 lærarar på 8 klassetrinn så seier det seg sjølv at det ikkje er den beste skulen. Derfor får dei ekstra undervisning heime på Wema.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Me ønske lykke te me barnehjemmet. Glede oss me de som drive på med arbeidet

Anonym sa...

Hei og hopp!
Lenge siden eg har gitt lyd fra meg nå.. men når eg såg bilde av ein forkalka Arnfinn så hadde eg ikkje valg! hehe.. han såg ut som "Arnfinn 83 år"!

Ser ut som dåkk har det bra.. stå på venner.. og hei.. me komme snart!

-torri