18 november 2007

Heia tur!

Den første helga me var i Noreg hadde me ein flott vandring i Suldals heia! Flott natur, stille, litt fysisk trim og herleg ferie.
Turen starta frå Kvilldal fredag midt på dagen, og me vandra innover i lett terreng til Stranddalen. Tenk dette hadde me planlagt omtrent eit år på førehand, og så fekk me det nydelege været, (omtrent den finaste helga som hadde vært på fleire månader). Stranddalen er ei kjent turristhytte, men ingen av oss 4 hadde vært der før. Hytta er store deler av året betjent, men var stengt nå, men ein del av den var open for vandrar som oss. Medbrakt elg filet, sopp osv, lagde ”prikken over i-en” og me hadde ein flott kveld og natt der.

Neste dag skulle me til Sandsa, men med ein tur oppom Napen, som skal vera Rogalands nest høgaste fjell med 1350m. Den har me sett på frå ”vår” hytta i alle år, og endeleg nådde me toppen. Fantastisk utsikt i den klåre haust lufta.

Kroppen fungerte bra, men nedstigningane, mange høgdemeter til saman, gir nok ein annan effekt på kne, musklar og sener enn flat støvete landeveg her på Kysten. Så det var med ulike stilar me kom til hytta på Sandsa den kvelden. Men flott var det uansett. Arnfinn tok båt ut vatnet neste dag, og der møttes me, og mor var sjåfør ein etappe slik at me kunne rekka å gå frå Fjellberg og koma til hytta vår på Råshei. Der var fleire av slekta samla og hadde herleg komle middag klar!! Me var på heia til tysdagen - herleg med ferie!

15 november 2007

Hima på Kysten att etter 5 gode veker i Norge.

Ja, nå er me vel tilbake for 1 veka sidan, etter 5 gode veker i Norge. Det var kjempe kjekt og me fekk med oss veldig mykje. Godt å vera saman med familie og venner att.
Ein del fint haustver fekk me også med oss, masssseee god mat og ein del samlingar av forskjellege slag!

Jæren med sin flotte natur;

og Erfjord med sin natur, elva og stillheten der inne.

Utruleg flotte veker.

Me har det også godt her heima på Likoni. Her er det veldig godt og varmet, det var kaaldt i Norge, men gode ullplagg ordner det meste. Men når ein tenkjer på at den temperaturen som dei fleste hadde i sine stover er under minimumstemperaturen som me har om natta i noko av den kaldaste tida her ute,..... ja, då skjønar dokke at det kunne vera kaldt av og til. Men Arnfinn var ganske godt avklimatisert etter ei veka, verre med kona!

02 oktober 2007

Til Norge!!

Ja, nå nermar det seg voldsomt!!
Me reiser her heime ifrå i morgon tidlig kl 5, og så landar me etter planen i Stavanger kl 22,10 i morgon kveld! Stort og rikt!
Gledar oss til familie og venner, fjelltur, hyttekos, møter og mykje anna! Snakkes.

Nå skal me først på ein innvielsen "fest" for ein som har flytta inn i ei leilighet, kaka og cola.

Kvinneseminar


Ca 100km sørover, mest til Tanzania grensa og så 4km inn i landet, der er plassen som me ca ein gong i månaden får vera med på seminar. Evangelisten der, i lag med kvinnene har drevet grupper der nå i mange år. Mange kan ikkje lesa og skriva, derfor er det spesielt viktig å koma saman, få undervisa kvarandre, oppmuntra kvarandre og vera saman.

Me er i jordkyrkja pynta med stoffremser på snorer i taket. Her blir det undervist om kommunikasjon i ekteskapet og me har mange formelle og uformelle samtalar etter kvart. Så er det baking av rundstykke, du så gode dei vart!! Det var ikkje eg som var læraren nei, eg kan ikkje gjærbakst så godt at eg prøver å vera lærar endå.

Ei kvinne kom søndagen etterpå og ba spesielt om forbønn for ting i heimen, dottera ville fullføra skule i staden for å gifta seg, og her var ikkje mann og kone på same linje. Men nå kunne ho bruka det ho hadde lært, gjekk ein del ”rundar”, fekk visdom, ba, og det ordna seg på ein god måte.

Flott å få vera ei lita brikke i dette.

19 september 2007

Like heil!

Ja, nå er Arnfinn vel heime att, like heil. Helga har sjekka, og det ser bra ut.

Me koser oss saman og takker Gud for all beskyttelse endå ein gong.

Etter planen er Arnfinn på farten til andre møter i Nairobi allereide førstkomande søndag. Me nyter tida saman heime nå.
Masse spennande som skjer.

18 september 2007

Arnfinn på veg heim!

Nå er Arnfinn og Gideon på veg heim. Dei kjører frå Nairobi og eg venter han heim i kveld!!!!!!!

Den skadde bilen og alt med den er nå på veg til forsikringsselskapene og me håper at det går greit. Det har vore ein god tone med lastebil folka og det har gått bra, det tek berre tid og krefter.
Takk

Gode "bilete"

Mange ting kan bli forklart med gode bilete. Bilda seier ikkje alt om ein ting, og ein skal heller ikkje tolka kvar minste detalj i dei, men det kan opna auga våre att.
Me fekk ei slik att her ein dag når ein god venn av oss fortalde om korleis han vitna vidare til andre.

Dommaren som står i rettsalen og dømmer, må følgja lova og den er streng. Den skyldige er veldig skyldig. Det er berre det at den skyldige er sonen til dommaren, men likevel lova må følgjast, ingen korrupsjon eller snarveg kan brukast. Sonen får sin dom. Etter at dommaren har gjort jobben sin, tek han sonen sin plass og betaler alt, oppfyller det sonen skulle og som han ikkje kunne klara, og sonen er fri. Dommaren kunne ikkje ”berre tilgje”, nei heile lova måtte oppfyllast.
Ja, dette bilde er jo kjent for mange av oss, men likevel, godt å høyra det frå vår venn.

Men me har aldri høyrt nokon forklara at Jesus blei skyldig i vår stad, slik som han gjorde det: Når du har ei veldig skitten bukse, ”drav-skitten”, ja då vaskar du den i reint vann! Buksa blir rein og vannet blir skitten, heilt skittent. Ja, slik var det med oss også, me er så skitne, må vaskast, Jesus gjorde det og han blei skitten for vår skyld. Så oppfylte han alle ting som måtte fullførast for å bli rein.

Ta dette med på vegen, tenk over det.