04 februar 2008

Besøk av TeFT

Tid for ein liten oppdatering.
Litt att og fram har det vore, både med internett tilkoblingen, me på litt reisefot og uroa i landet. Men nå er internettet kobla til igjen, overgang til nytt system går som regel ikkje knirkefritt. Det er mykje som skjer i landet endå, men her på Kysten er det rolig og me kan ferdast rundt omkring og det har me gjort ganske mykje denne siste veka.

Onsdag drog me med bilen full av campingutstyr til Voi og møtte den flotte Teft gjengen der!! Flotte ungdommar!!
Det var berre å få surra 13 madrassar på taket og pakke inn resten i dei to bilane, og så rett inn i Tsavo East. Det er jo PARKEN! Der trivest me veldig godt og denne gongen blei ikkje noko unntak.

Teltleiren kom på plass; 5 telt og eitt myggnett i eit tre og med landcruiseren som seng! Så var det ut å sjå etter dyr. Ofte blir ein del folk leie av å kjøre rundt og rundt, stire og stire til auga blir ganske stort og sårt av både å stire og av alt støvet. Men denne gjengen…….. fekk ikkje nok! Det kunne jo ikkje vært betre klaff den første dagen med 7 løver rett rundt bilane, ja, ein kan få hjerte bank når løva går 1,5 meter i frå bilen og stirer deg djupt i auga. Ein jakt som blei ein kamp mellom ein stor bøffelflokk og 7 løver fekk me stå midt i og sjå på. Kjempe start på turen. Vår kollega tok gode bilder!

Leirbål med middag og drøs høyrer med, og det var varierande kor mykje folk sov når dei høyrde alle dyre lydane……..
Me hadde to fine døgn der inne i dyrene’s rike, der det liksom berre var oss og dyra. Kunne på ein måte kutta ut alle spenningar i landet og nyta freden i parken. Takk for eit godt avbrekk og muligheten til å studera Guds flotte skaparverk på nært hold endå ein gong.

Lordag kom me nedover til Kysten og til Msambweni. Flotte gudstenester i går og mange gode opplevelsar.
Nå er gjengen att på Msambweni og me er heimom her på Likoni litt. Me treffer dei att i morgon.
Håpar på ei flott veka her til dei reiser opp att til Voi på lordag.

1 kommentar:

Unknown sa...

Hei!
Husker dere turen til Samburu?
Det var noe der, om ikke akkurat så stort som en løve, som skapte liv i leiren ;-)
Godt dere har det bra.
Knut Ole